– For Arbeidarparti-regjeringa er det viktig at folk i Noreg skal ha tryggleik for lommeboka, og kunne velje føreseielege straumrekningar i ei tid med tidvis svært høge kraftprisar. Derfor innførte me Noregspris. Med Noregspris på straum og fjernvarme gir regjeringa folk høve til å velje mellom straumstønadsordninga, som tek pristoppane, og Noregspris som gir full føreseielegheit, seier energiminister Terje Aasland.

Berekningar viser at folk med Noregspris på straum har spart i overkant av 8,5 milliardar kroner i første kvartal 2026, samanlikna med spotpris. Dette gjeld hushald og fritidsbustader samla. Hushald med straumstønad har i same periode spart i underkant av 2,8 milliardar kroner.

Slik regjeringa òg har understreka tidlegare, er det vanskeleg å spå kva dei samla kostnadene for staten med Noregspris vil vere for 2026. Kostnadene vil avhenge av hushalda sitt energiforbruk, kor mange som vel Noregspris, og prisane i marknaden. Det er derfor stor uvisse knytt til anslaga.

Anslaga regjeringa no legg fram, er oppdaterte på grunnlag av kor mange som hadde valt Noregspris for 2026 i midten av mars, utbetalingar som er gjennomførte så langt i 2026, og terminprisar frå mars 2026.

Januar og februar har vore blant dei kaldaste månadene sidan 2010, noko som har bidrege til høgare straumforbruk. Det har bidrege til høg vasskraftproduksjon og redusert fyllingsgrad gjennom vinteren, slik det er forventa. Saman med uroa i energimarknaden, har dette bidrege til at kraftprisane så langt i år har vore høgare enn i tilsvarande periode dei siste åra.

– Dei høge kraftprisane denne vinteren viser kvifor innføringa av Noregspris var både riktig og viktig, og at ordninga har hatt, og har, stor betydning for lommeboka til folk, seier Aasland.

Om lag 75 prosent av hushalda og 80 prosent av hyttene i Sørvest-Noreg (NO2) har valt Noregspris på straum. Det viser at Noregspris er godt tatt imot der kraftprisane har vore høgast.

Med utgangspunkt i terminprisane frå mars 2026 er det berekna at eit gjennomsnittleg hushald i det sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) som vel Noregspris på straum vil kunne få støtte på om lag 10-11 000 kr i 2026, samanlikna med spotpris.