Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Regjeringa forsterkar yrkesfagløftet

Regjeringa foreslår å styrke yrkesfaga med til saman 30 millionar kroner i 2019. – Yrkesfaga er eit satsingsområde for regjeringa. Vi kjem til å mangle fagarbeidarar i framtida. Difor foreslår vi fleire nye tiltak i 2019-budsjettet, så fleire elevar kan fullføre med fagbrev, seier kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner.

I 2019-budsjettet foreslår regjeringa å styrke yrkesfaga med ytterlegare 30 millionar kroner. Midlane skal gå til betre kompetanse hos lærarar, styrking av prøvenemndene, forsking og faget yrkesfagleg fordjuping. Det kjem på toppen av over 500 millionar kroner som regjeringa og samarbeidspartia allereie har styrka yrkesfaga med i perioden 2013 – 2018.

13 millionar til meir og betre praksis i fag- og yrkesopplæringa

Regjeringa foreslår 13 millionar kroner til å løfte faget yrkesfagleg fordjuping. Dette faget gir elevar høve til å komme ut i praksis i løpet av skoletida, og er viktig som eit springbrett frå skole til læreplass.

– Praksisplassar gjennom yrkesfagleg fordjuping er ein av dei vanlegaste måtane å få læreplass på. Å gi elevane moglegheita til å knytte kontaktar og komme seg ut i praksis og ut i ei bedrift, er viktig, seier kunnskaps- og integreringsministeren.

Auka satsing på yrkesfaglæraranes kompetanse

Sanner  vil også styrke kompetansen til yrkesfaglærarane. Regjeringa foreslår å auke satsinga med 12 millionar kroner, og vil bruke til saman 100 millionar på å auke kompetansen innanfor yrkesfaga i 2019. Dette skal også framover inkludere prøvenemndene, som gjennomfører fag-, sveine- og kompetanseprøver.

 – Vi har dei siste åra gitt pengar til mellom anna hospiteringsordninga  for yrkesfaglærarar slik at dei kan få fagleg oppdatering i bedrift, og til etter- og vidareutdanning for lærarar som underviser på yrkesfag. No styrker vi satsinga på yrkesfaglærarane, instruktørar i bedrift og prøvenemnder, og vil bruke til saman 100 millionar kroner på dette i 2019, seier statsråden.

– Vi har og fått signal frå partane i arbeidslivet om at prøvenemndene bør styrkast. Vi treng både fleire til å sitte i nemndene og å auke kvaliteten på fagprøvene. Det gjer vi no. Dette løftet vil bli ein del av regjeringas satsing på kompetanseheving innanfor yrkesfaga, seier kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner.

Vil forske på yrkesfag

Regjeringa foreslår 5 millionar kroner til ei satsing på forsking på fag- og yrkesopplæring. Her skal ein særskilt sjå på kva for faktorar som bidrar til framifrå kvalitet.  Det vil gi eit betre grunnlag for lærarutdanninga og politikkutviklinga på feltet.

Til toppen