Statsbudsjettet 2021:

Regjeringa fortset satsinga på grøn skipsfart og maritim næring

Regjeringa vil vidareføre låneordninga for skip i nærskipsfart og fiskeflåten, samt Grønt Skipsfartsprogram og arbeidet for nullutslipp. Regjeringa foreslår endringar i tilskotsordninga for sysselsetjing av sjøfolk. Ny stortingsmelding om maritim næring leggjast fram i haust.

- Noreg har ei offensiv maritim næring som er verdsleiande innan klima- og miljøvennleg teknologi. Regjeringa vil leggje til rette for at ei grøn omstilling i skipsfarten kan fortsette, og bidra til arbeidsplassar langs heile kysten, seier næringsminister Iselin Nybø (V).

Miljøvenleg skipsfart er eit prioritert satsingsområde

Regjeringa fortset satsinga på grøn skipsfart i statsbudsjettet for 2021 og foreslår ei vidareføring av låneordninga for skip i nærskipsfart og fiskeflåten med ei låneramme på 600 millionar kroner. Låneordninga skal bidra til grøn flåtefornying, og vil fungere som ei toppfinansieringsordning.

I tillegg foreslår regjeringa å løyve 25 millionar kroner til vidareføring av Grønt Skipsfartsprogram, 80 millionar kroner til vidareføring av satsinga på null- og lågutsleppshurtigbåtar og 100 millionar kroner til fylkeskommunane for arbeidet med null- og lågutsleppsferjer og hurtigbåtar.

Regjeringa legg fram forslag om å forlenge prosjektperioden for kompetanseprosjektet Markom2020 ut 2021. Frå 2022 vil arbeidet med maritim kompetanse bli overført til direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (Diku).

Regjeringa støttar norske verft

- Maritim næring har og blitt ramma av koronakrisa, og regjeringa har sett i gang krisetiltak retta mot aktivitet i norsk maritim næring og utvikling av grøn skipsfart, seier næringsminister Iselin Nybø.

I revidert nasjonalbudsjett og i den tredje krisepakka blei det blant anna vedteke ein verftspakke på til saman 744 millionar kroner for perioden 2020-2024. Verftspakka skal bidra til nye oppdrag både til verft som byggjer fartøya og utstyrsleverandørane. Pengane skal gå til bygging, oppgradering og vedlikehald av fartøy for Sjøforsvaret, Havforskingsinstituttet, Fiskeridirektoratet og Noregs geologiske undersøking. Prosjekta er godt i gang, og regjeringa foreslår ei løyving på om lag 240 millioner kroner til prosjekta i 2021.

Ny stortingsmelding om maritim næring leggjast fram i haust

Regjeringa vil i løpet av hausten leggje fram ei melding til Stortinget om den maritime politikken. Viktige område vil vere grøn skipsfart, maritim kompetanse og digitalisering. Meldinga skal peike ut ei tydeleg retning for den maritime politikken som bidreg til gode og framtidsretta rammevilkår for næringa.