Regjeringa har utnemnt nytt Kontrollutval for kommunikasjonskontroll

Det nye utvalet vart utnemnt i statsråd i dag. Medlemmane er utnemnd for ein periode på fire år.

Kontrollutvalet for kommunikasjonskontroll er eit uavhengig organ som skal kontrollere at politiet sin bruk av kommunikasjonskontroll, romavlytting og dataavlesing går føre seg innanfor ramma av lov og instruksar, og at tvangsmiddelbruken blir avgrensa mest mogleg. Utvalet utøver sin kontroll gjennom stadleg tilsyn i politidistrikta og ved dokumentkontroll av rapporteringar og rapportar som politimeistrane sender over til Riksadvokaten. Utvalet skal kontrollere at opplysningane dei får blir brukt på lovleg måte, og at reglane i lova om oppbevaring, sperring og sletting av opplysningar blir følgd. Utvalet skal også sjå til at føresegnene om teieplikt blir etterfølgde, og at overskotsinformasjon blir brukt innanfor dei rammar lovgivar har bestemt.

For perioden 11. mai 2025 til og med 10. mai 2029:

  • Leiar: professor Asbjørn Strandbakken, Bergen (attval)
  • Medlem: advokat Karoline Henriksen, Oslo (ny)
  • Medlem: advokat Trine Buttingsrud Mathiesen, Hønefoss (attval)
  • Medlem: Charlotte Marie Ringkjøb, Bodø (attval)
  • Medlem: sivilingeniør Frank Stien, Arendal (attval)
  • Varamedlem: nemndleiar Mari Marstrander, Tromsø (attval)
  • Varamedlem: dagleg leiar Einar Lunde, Mandal (attval)

For perioden 11. mai 2025 til og med 10. mai 2027:

  • Medlem: tingrettsdommar Brynjulf Moe, Trondheim (attval)