Regjeringa legg fram endringar i naturmangfaldlova

Regjeringa har lagt fram ein proposisjon om endringar i naturmangfaldlova for Stortinget. Regjeringa foreslår endringar i regelen om naudverje og å etablere ei rovviltklagenemnd.

To lovendringsforslag

Proposisjonen omhandlar to lovendringsforslag. Det eine forslaget gjeld etablering av ei ny rovviltklagenemnd. Det er foreslått at ei ny rovviltklagenemnd skal handsame:

  • klager på vedtak om kvoter for jakt på gaupe, lisensfelling og skadefelling av rovvilt
  • klager på vedtak om skadefelling av enkeltdyr av rovvilt
  • klager på vedtak om erstatning for tap av husdyr og tamrein til rovvilt
  • klager på vedtak etter tilskotsordningar i rovviltforvaltninga.

- Forslaget om ei rovviltklagenemnd er ei oppfølging av Granavoldenerklæringa, og eg er nøgd med at vi no legg fram fleire endringar i rovviltforvaltninga for Stortinget. Eg meiner desse endringane vil styrke forvaltninga og auke føreseielegheita for alle partar, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).

Det andre forslaget gjeld endring av regelen om høve til å avlive vilt i naudverje til forsvar for bufe, tamrein, gris, hund og fjørfe. Endringa er foreslått for å rette opp i ein feil og for å bringe føresegna i samsvar med Noregs internasjonale forpliktingar etter Bernkonvensjonen, samt ta inn praksis frå Høgsterett. Feilen gjeld at vilkåret om at avlivinga "må anses påkrevet" falt ut då føresegna vart flytta frå viltlova til naturmangfaldlova i 2009. Det er mellom anna foreslått at dette vilkåret blir tatt inn att.

Endringar i forvaltningsregionane

Regjeringa planlegg å redusere talet på forvaltningsregionar for rovvilt frå dagens åtte til seks, mellom anna på bakgrunn av regionreforma. Regjeringa legg opp til følgjande nye oppdeling:

  • Region 1: Troms og Finnmark
  • Region 2: Nordland
  • Region 3: Møre og Romsdal og Trøndelag
  • Region 4: Innlandet
  • Region 5: Oslo, Viken og Vestfold og Telemark
  • Region 6: Agder, Rogaland og Vestland

Regjeringa vil òg styrkje samarbeidet mellom forvaltningsregionane om forvaltningsplanar.

Andre endringar

I dag har Miljødirektoratet rett til å gje uttale til rovviltnemndene sine forvaltningsplanar. Regjeringa vil gje Landbruksdirektoratet den same retten.

Kommunane har i dag ikkje høve til å klage på kvotevedtak fatta etter rovviltforskrifta. Regjeringa vil gje kommunane moglegheit til å klage på vedtak om kvote for skadefelling og lisensfelling av rovvilt, og kvote for kvotejakt på gaupe.

Regjeringa vil òg tillate to nye fellingsmetodar i samband med lisensfelling av jerv. Dei to verkemidla elektronisk overvaking av fangstbås og kunstig lys på åte har vore utprøvd i prøveprosjekt sidan 2015. Ei evaluering av prosjekta syner at verkemidla varetek velferda til dyra og kan gjere lisensfellinga meir effektiv.

Alle forslaga og endringane har vore på høyring.