Regjeringa legg til rette for etablering av fleire fiberkablar til utlandet

- Digitale tenester blir stadig viktigare i arbeidslivet og på fritida. Ein sikker og robust infrastruktur er ein føresetnad for å oppretthalde og utvikle gode digitale tenester. Fiberkablar til utlandet er ein viktig del av den digitale infrastrukturen til Noreg. Stortinget vedtok før jul budsjettforlaget frå regjeringa om å etablere fleire fiberkablar mellom Noreg og utlandet. No skal Nkom gå i gang med realiseringa av dette tiltaket. I tillegg til auka kapasitet og tryggleik i ekomnetta, vil fleire fiberkablar opne opp for meir databasert næringsutvikling, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Samferdselsdepartementet har i dag sendt brev til Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom) om å starte arbeidet med å leggje til rette for etablering av fiberkablar til utlandet. Dette er ei prioritert oppgåve og målet er å realisere tiltaket så snart som mogleg innanfor forsvarlige rammer.    

Situasjonen i dag
Nesten all datatrafikk mellom Noreg og utlandet går i dag frå Oslo via Sverige og  Danmark. For å redusere denne sårbarheita er det i statsbudsjettet 2018 løyvd i alt 100 millionar kroner til å leggje til rette for nye fiberkablar til utlandet. Summen er fordelt med ei løyving på 40 millionar kroner i 2018 og ein tilsegnsfullmakt på inntil 60 millionar kroner.

Løyvinga skal i hovudsak bidra til å bøte på sårbarheita med einsidig bruk av traseen via Sverige og Danmark. I tillegg vil løyvinga gjere det mogleg å leggje til rette for databasert næringsverksemd, mellom anna datasenterindustri, og betre fiberinfrastruktur langs kysten og til Nordområda.

Oppdraget til Nkom 
Samferdselsdepartementet har mellom anna bede Nkom om å:

  • utvide gjeldande tilskotsordning for tryggleik og beredskap i ekomnetta til å omfatte etablering av fiberkablar til utlandet.
  • vurdere behovet for å påleggje dei største tilbydarane å rute meir av internettrafikken til utlandet andre vegar enn over Oslo og via Sverige.
  • vurdere om det er behov for å stille fleire krav til tilbydarane enn dei som blir stilte i dag som føresetnad for stønad, slik at ein sikrar ekomstyresmaktene tilfredsstillande kontroll med tryggleiken i ekomnetta.

Fleire tiltak legg til rette for auka digitalisering 
Noreg  er i verdstoppen i bruk av Internett og mobil. Ekomnetta våre er óg blant dei beste når det gjeld dekning, kvalitet og breibandsfart. Regjeringa vil arbeide for at Noreg skal behalde den gode posisjonen i åra framover. Ekomtilbydarane investerer store summar for å utvikle både tenester og infrastruktur. Regjeringa bidrar økonomisk mellom anna til betre breibandsdekning i distrikta og sikrare ekomnett med større kapasitet. I fjor endra regjeringa leidningsforskrifta. Dette vil redusere kostnadane ved å leggje fiberkablar i offentleg veg for framføring av breiband.  

For fleire opplysningar – sjå:

  • Brev av 9. januar 2018 frå Samferdselsdepartementet til Nkom
  • Pressemelding av 12. oktober 2017 frå Samferdselsdepartementet 
Til toppen