Regjeringa foreslår eit tilskot på 3 millionar kroner til Utsira kommune i 2026 for å legge til rette for næringsutvikling i samband med havvindutbygginga i området Utsira Nord.

Bakgrunnen er at kommunen har ein unik posisjon då han ligg nær havvindområdet Utsira Nord og er den minste kommunen i landet. Tilskotet er eit eingongstilfelle og ei særordning for Utsira kommune.

Regjeringa foreslår også ei tilsegnsfullmakt på 6 millionar kroner for å dekkje årlege utbetalingar til og med 2028. Tilskotet er avhengig av tildeling av prosjektområde og vidare utvikling av havvindprosjekt.

Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av Energidepartementet før publisering.

Tilskotet blir gitt fordi kommunen har ein unik posisjon då han ligg nær havvindområdet Utsira Nord og er den minste i landet, med få innbyggjarar og liten administrasjon.

– Arbeidarparti-regjeringa er oppteken av at havvindprosjekt på norsk sokkel skal bidra til nærings- og industriutvikling lokalt. Utsira Nord skal kome samfunnet på Utsira til gode. Gjennom dette tilskotet legg me til rette for at kommunen får høve til å gripe moglegheitene som kjem med utvikling av havvind, seier energiminister Terje Aasland.

Regjeringa foreslår å løyve 3 millionar kroner til Utsira kommune i 2026 over Energidepartementets budsjett. Tilskotet er eit eingongstilfelle og ei særordning for Utsira kommune grunngitt i den særeigne geografiske plasseringa og storleiken på kommunen.

I tillegg foreslår regjeringa ei tilsegnsfullmakt på 6 millionar kroner for å dekkje årlege utbetalingar til og med 2028, når støttekonkurransen for havvindområdet Utsira Nord etter planen skal gjennomførast. Tilskotet er avhengig av tildeling av prosjektområde og vidare utvikling av havvindprosjekt. Tilskotet blir utbetalt etter at prosjektområde er tildelt. Regjeringa vil kome tilbake til kor lenge tilskotet skal vare, når tidspunktet for igangsetjing av produksjon av flytande havvind på Utsira Nord er nærare avklart.