– Regjeringa vidarefører dei omfattande økonomiske tiltaka i nord. Samstundes skal vi leggje til rette for at den historiske satsinga på forsvar og beredskap kjem lokalsamfunn og næringsliv i nord til gode, seier kommunal- og distriktsminister Bjørnar Skjæran. 

Forsvarssatsinga styrkar nord

Store delar av investeringane og auka aktivitet i Forsvaret vil skje i nord. Regjeringa foreslår forsvarsinvesteringar i eigedom, bygg og anlegg (EBA) i Nord-Noreg på totalt 3,65 milliardar kroner i 2027. Dette vil gje ringverknader for lokalt og regionalt næringsliv. Både Forsvarsbygg og Forsvarsmateriell har fått tydelege føringar om å leggje til rette for bruk av små og mellomstore bedrifter og lokale og regionale leverandørar.

– Nå rustar vi opp Forsvaret og styrker forsvarsevna. Det inneber investeringar i alle forsvarsgreiner og over heile landet. Framover treng vi materiell, bygg og anlegg, og vi treng fleire tilsette, vernepliktige og reservistar. Ikkje minst skjer dette i Nord-Noreg som er heilt sentral for oppbygginga av Forsvaret vårt, seier forsvarsminister Tore O. Sandvik. 

Regjeringa foreslår å løyve 20 millionar kroner til etablering av ein avdeling av Forsvarets forskningsinstitutt (FFI) i Nord-Norge. Med denne satsinga skal det etablerast ein hovudlokasjon for FFI i Tromsø, med ein tilleggslokasjon på Andøya. Føremålet er blant anna å styrke koplinga til næringslivet i nord.

Etableringa på Andøya skal støtte opp om den pågåande satsing innan dronar og romaktivitetRegjeringa foreslår å vidareutvikle romhamna på Andøya og etablere ytterlegare oppskytingsrampe med tilhøyrande infrastruktur, på totalt 323,3 millionar kroner i 2027. Den samla kostnaden for tiltaket er forventa å vere 646 millionar kroner fordelt på 2027 og 2028.  

Forsvarsløftet utfordrar kapasiteten kommunar har til å imøtekome Forsvaret sine behov og utvikle attraktive lokalsamfunn for auka busetting. Regjeringa foreslår å løyve 15 millionar kroner til ei ny ordning som skal sette forsvarskommunane i Nord-Norge betre i stand til å ivareta forsvarssektoren sine behov når det gjeld areal, infrastruktur og tenester. Føremålet er vidare å styrke samarbeidet mellom kommune og forsvarssektor om lokal samfunnsutvikling. Tiltaket følgjer opp ein pilot som er gjennomført i forsvarskommunane Sør-Varanger, Bardu og Målselv. Regjeringa foreslår videre å styrke dei regionale planmiljøa i nord med 20 millionar kroner slik at dei kan hjelpe kommunane med å leggje til rette for prosjekt som har stor samfunnsmessig betydning.

– Vi må lukkast med realiseringa av forsvarssatsinga. For å få til det, må vi ha kommunar som kan handtere den auka forsvarsaktiviteten, og vi må styrke beredskapen i lokalsamfunna. Vi må leggje til rette for både auka militær aktivitet og auka busetting. God dialog og samordning mellom kommunane og forsvarssektoren er då avgjerande, seier Bjørnar Skjæran. 

Regjeringa styrker tiltakssona for beredskap i Troms og Finnmark 

Regjeringa foreslår å styrke beredskapskapasiteten og -kompetansen i alle kommunane i Finnmark. Tiltaket inneber å utvide den eksisterande støtteordninga for auka beredskapskompetanse og -kapasitet i kommunane i Aust-Finnmark til å inkludere også dei resterande kommunane i Finnmark. Ordninga har vore sterkt etterspurt av kommunane i Finnmark, og vil frå 2027 vere på totalt 12 millionar kroner. 

Regjeringa vil styrke Senter for motstandskraft i nord, og foreslår å auke løyvinga til senteret med 15 millionar kroner. Denne statlege samlingsstaden i Kirkenes blei oppretta i 2026. Senteret skal både sørge for god koordinering av arbeidet ulike styresmakter gjer med beredskap i nord, og leggje til rette for meir samarbeid med Finland og Sverige. Kommunane i nord vil gjennom dette få hjelp til å styrke beredskapsarbeidet sitt, også gjennom samarbeid over landegrensene.

– Det viktigaste beredskapsarbeidet skjer lokalt, der kommunane, nødetatane, Forsvaret, frivilligheita og næringslivet planlegg, øver og handterer hendingar saman. Vi ønskjer å styrke senteret, slik at det kan støtte dette samarbeidet og bidra med kunnskap, nettverk og praktiske løysingar, seier justis- og beredskapsminister Astri Aas-Hansen. 

Regjeringa vil gjere det vekelange beredskapskurset for elevar på VG2 i Finnmark permanent og utvide tilbodet til Nord-Troms. Prosjektet gir elevane auka kunnskap om samfunnstryggleik, beredskap og totalforsvaret gjennom undervisning og praktiske øvingar.

Tettare samarbeid med Sverige og Finland 

Eit anna grep regjeringa tek for å styrke beredskap og tryggleik i nord, er å satse på tettare samarbeid med Sverige og Finland. Regjeringa vil bidra med inntil 2,7 millionar kroner til å styrke det nordiske samarbeidet og arbeidet med internasjonale spørsmål i nord, med utgangspunkt i Senter for motstandskraft i nord i Kirkenes. 

Samstundes vil regjeringa leggje ned det internasjonale Barentsrådet, i samråd med dei andre medlemslanda, fordi det ikkje lenger svarar til dagens behov. Det er dialog mellom Norge, Sverige og Finland om nye og betre måtar å organisere samarbeidet på, der fylke og regionar skal få ei tydeleg rolle.  

– Etter at dei nordiske naboane våre vart medlemer i NATO, ligg forholda endå betre til rette for å møte felles utfordringar saman. Eit tett samarbeid mellom Noreg, Sverige og Finland er viktig. Vi deler geografi, interesser og utfordringar, og står sterkare når vi utviklar løysingar i fellesskap, seier utanriksminister Espen Barth Eide. 

Infrastruktur som understøttar Forsvarets behov  

Regjeringa satsar på tryggleik for landet og infrastruktur som understøttar militære behov.  

Regjeringa foreslår å løyve 25 millionar kroner til styrking av redundans og utbygging av nye fibertraséar som sikrar betre kopling mellom eksisterande føringsvegar i Nord-Noreg. Tiltaket vil også kome sivilbefolkning, næringsliv og frivilligheita til gode, blant anna i møte med ekstremvêr og ulykker.  

Statens vegvesen skal i 2027 prioritere tiltak som er viktige for militær mobilitet. I dag er det fleire strekningar på riksvegane våre som ikkje er godt nok eigna for transport av militært utstyr. I nord legg Statens vegvesen i 2027 opp til å gjere tiltak for militær mobilitet på strekningane E6 Narvik–Setermoen og E10 Bjørnfjell.  

Regjeringa foreslår vidare å løyve til saman 231 millionar kroner i 2027 til bygging av ny lufthamn ved Mo i Rana og flytting av Bodø lufthamn. Ny lufthamn Mo i Rana opnar etter planen hausten 2027, medan den nye lufthamna i Bodø etter planen vil ha offisiell opning i 2029/2030. Løyvinga følgjer framdrifta i arbeidet. Dei to prosjekta utgjer ei strategisk samferdselsinvestering som vil kome heile Nord-Noreg til gode, og leggje grunnlag for næringsutvikling, industri og byutvikling, og vere drivkraft for regional utvikling.