I fjor sendte regjeringa to modellar for fritt skuleval på høyring. Det kom mange innspel til modellane.

– Med utgangspunkt i innspela skal det no lagast ein ny modell som gjer elevane eit friare skuleval, samtidig som den skal følgje opp  nokre av innspela som kom i høyringa, seier Melby.  

Det er Utdanningsdirektoratet som får i oppdrag å lage den nye modellen. Det vidare arbeidet skal gjerast i tett dialog med KS og fylkeskommunane.

– Utdanningsdirektoratet skal også sjå på kva konsekvensar eit friare skuleval vil ha for mellom anna kostnadar til skyss, behov for elevbustadar og skulestruktur, seier kunnskaps- og integreringsministeren.

Kunnskapsdepartementet tek sikte på at endringane kan fastsetjast våren 2021, og tidlegast gjelde for elevar som søkjer om plass på vidaregåande skule hausten 2022.