Statsbudsjettet 2021

Regjeringa prioriterer bustadsosiale tiltak i statsbudsjettet

Regjeringa har klare ambisjonar på det bustadsosiale området. – Målet er at flest mogeleg skal kunne eie sin eigen bustad, seier Nikolai Astrup, kommunal- og moderniseringsminister (H).

Regjeringa vil ta Norge ut av koronakrisen ved å skape meir, inkludere fleire og sørge for at ingen faller utanfor. I framlegget til statsbudsjett for 2021 prioriterer regjeringa derfor tiltak for at flest mogleg skal ha ein trygg og god stad å bu.

– Vi ønsker at fleire skal få realisere draumen om eigen bustad. Derfor føreslår regjeringa ei låneramme til Husbanken på 20 milliardar kroner i 2021, sier Astrup.

Innanfor låneramma vil startlån bli prioritert først. Startlån går til barnefamiliar og personar som er i ein særleg utfordrande situasjon, og som har vanskeleg for å få bustadlån i ein vanleg bank. Det antakast at rundt 8000 husstandar vil få startlån i 2021. Låneramma vil også gå til utleigebustader, miljøvennlege bustader, livsløpsbustader og studentbustader.

– Frå 2013 har regjeringa bevilga 50 milliardar kroner i startlån til nesten 50 000 husstandar. Med regjeringas forslag til statsbudsjett i 2021, kan denne satsinga fortsetje neste år, seier Astrup.

I statsbudsjettet for 2021 foreslår regjeringa også å styrkje bustøtteordninga med 82,4 millionar kroner, til over tre milliardar kroner totalt. Satsinga vil komme både einslege og barnefamiliar til gode. Einslege vil kunne få opptil 3 830 kroner meir i bustøtte per år, og større husstandar inntil 2 430 kroner meir per år.

For familiar der barn har delt bustad, foreslår regjeringa at begge foreldra kan regne med barnet i bustøttesøknaden. Det vil betre busituasjonen for om lag 400 barnefamiliar. Minsteutbetalinga av bustøtte reduserast frå 352 kroner per månad, til 50 kroner per månad, slik at fleire blir kvalifisert til å få bustøtte.

– Dette er målretta endringar som betyr mykje for dei det gjeld, seier Astrup.