Regjeringa satsar på IKT-forsking og grøn vassteknologi

Regjeringa føreslår i revidert nasjonalbudsjett å løyve 17,5 millionar kroner til etablering av Nasjonalt kompetansesenter for vann- og avløpsinfrastruktur. Regjeringa vil også styrke kompetansen i kryptologi, og det skal bli lettare å bygge fleire studentbustader.

– Noreg står overfor ei omfattande fornying av vatn- og avløpsstrukturen dei neste 20 åra. Skal vi lukkast med å få ei fornying som både er berekraftig og kostnadseffektiv, vil vi trenge grønare og meir framtidsretta teknologi, seier forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø.

Noreg må investere 280 milliardar kroner innan vatn og avløp fram mot 2040. Nasjonalt kompetansesenter for vann- og avløpsinfrastruktur ved Campus Ås jobbar med å finne løysingar på utfordringar med mellom anna ekstremnedbør og rein og sikker vassforsyning. Senteret fekk 2,5 millionar kroner til å starta opp i 2017.

Styrker kryptologi og IKT-sikkerheit

Regjeringa føreslår også 15 millionar kroner til å styrke forskinga og utdanninga på IKT-sikkerheit og kryptologi. Det vil gi fleire med doktorgradsutdanning innanfor kryptologi ved NTNU og ved Simula i samarbeid med UiB. Regjeringa vil også tildele ein million kroner til Universitets- og høgskolerådet for samarbeid i sektoren om IKT-sikkerheit i teknologiutdanningane.

– Kunnskap om kryptologi og IKT-sikkerheit er avgjerande for Noregs tryggleik. I dag har vi for få personar med høg kompetanse i kryptologi som kan sikkerheitsklarerast. Derfor er det viktig at vi styrker det langsiktige arbeidet med å bygge sterke fagmiljø, seier Nybø.

Skal bli lettare å bygge studentbustader

Sidan 2015 har regjeringa tildelt midlar til å bygge 2 200 studentbustader kvart år, men alle desse bustadene er ikkje blitt bygde, blant anna fordi kostnadsrammene har vore for låge for entreprenørane. No foreslår regjeringa å auke rammene og satsane for dei 2 200 nye bustadene som Stortinget løyvde pengar til i 2018.

 

Det inneber at

* kostnadsramma vert auka frå 800 000 kroner til 900 000 kroner i pressområda, og frå 700 000 kroner til 850 000 kroner elles i landet.

* tilskotssatsen vert auka frå 300 000 kroner til 340 000 kroner i pressområda, og frå 240 000 kroner til 290 000 kroner elles i landet.

– Vi vil ha fart i utbygginga av studentbustader. Det er viktig at fleire studentar får eit rimeleg tilbod om bustad. Med auke i kostnadsrammene forventar vi at det vil bli bygd fleire bustader, seier Nybø.

Rekruttering av lærarar

Regjeringa føreslår også 10 millionar kroner til tiltak som kan bidra til å styrke rekruttering til grunnskolelærarutdanninga for trinn 1 – 7. I arbeidet skal ein legge vekt på å rekruttere menn og personer med innvandrarbakgrunn.

– Fleire kvalifiserte lærarar er naudsynt for å sikre god kvalitet i skolen. Erfaringane tyder på at det å støtte lokale rekrutteringstiltak ved universitet og høgskolar, er ei god investering. Utdanningsinstitusjonane er medvitne om korleis rekrutterings- og informasjonstiltak kan få ei truverdig fagleg vinkling, seier forskings- og høgare utdanningsministeren.

Regjeringa føreslår også 6 millionar kroner til vitskapleg utstyr til Universitetssenteret på Svalbard (UNIS), og 4 millionar til Universitetet i Stavanger (UiS).

Til toppen