Historisk arkiv

Regjeringa satsar på leverandørutvikling i Nord-Noreg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

– Regjeringa sin nordområdestrategi blei lansert 21. april. Som oppfølging av denne strategien blir det sett av fire millionar kroner til leverandørutvikling i Nord-Noreg. Regjeringa vil at vekstnæringane og forventa investeringar skal skape større ringverknadar i landsdelen, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Satsinga skal leiast av Innovasjon Noreg, og vil bygge på dei erfaringane som de nordnorske fylkeskommunane har med slikt arbeid, mellom anna frå Leverandørutvikling i olje- og gassnæringa i Nord-Noreg (LUNN-programmet).

– Med denne satsinga vil regjeringa legge til rette for å utvikle fleire konkurransedyktige leverandørbedrifter og fleire arbeidsplasser innanfor vekstnæringane i landsdelen, som reiseliv, sjømat, petroleum og offentleg infrastruktur, seier statsråd Sanner.

– Vi vil no sette oss ned saman med aktørane i nord for å diskutere innretning og gjennomføring av satsinga, presiserer han.

Satsinga skal føre til samarbeid mellom mindre leverandørar, slik at desse bedriftene får meir kunnskap om krav og behov i marknaden. Det vil styrke mulegheitene til å hevde seg i konkurransen om oppdrag og innkjøp i dei veksande naturbaserte næringane, og i dei store planlagde offentlege investeringane i landsdelen. Målgruppa er nordnorske bedrifter.

 

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00