Regjeringa satsar på teknologi og på kvalitet i høgare utdanning

Regjeringa vil satse på teknologi, fornye og omstille næringslivet, og heve kvaliteten i høgare utdanning i den reviderte langtidsplanen for forsking og høgare utdanning. Det pregar også Kunnskapsdepartementet sitt budsjett.

– Vi har gode tider i Noreg, og dei gode tidene må vi nytte til å sikre eit berekraftig velferdssamfunn, eit tryggare Noreg og eit konkurransedyktig næringsliv, og til å gjennomføre det grøne skiftet, seier forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V).

Samla foreslår regjeringa å auke løyvingane over budsjettet for Kunnskapsdepartement til forsking og høgare utdanning med 1 551 millionar kroner.

65 millionar kronar til forsking på mogleggjerande og industrielle teknologiar 

– Utvikling av ny teknologi er heilt sentralt for det grøne skiftet. Regjeringa vil satse på mogleggjerande teknologiar, og vi bruker dei gode tidene aktivt til ei slik satsing. Vi foreslår å auka løyvinga til forsking på mogleggjerande og industrielle teknologiar med 65 millionar kroner i 2019-budsjettet til Kunnskapsdepartementet. Forsking på slik teknologi kan til dømes auke produktiviteten i industrien, og redusere utsleppa av klimagassar, fastslår statsråden.

Midlane skal mellom anna gå til å styrke grunnleggande forsking innanfor informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT), nanoteknologi, bioteknologi og avanserte produksjonsprosessar.

Denne løyvingsauken er ein del av opptrappingsplanen "Teknologiløft" i den reviderte langtidsplanen for forsking og høgare utdanning.

25 millionar til prosjekt og ordningar som får studentar til å lære meir og betre

For å gjere høgare utdanning enda betre, vil regjeringa styrke løyvingane til Nasjonal arena for kvalitet i høgare utdanning med 25 millionar kroner i budsjettet til Kunnskapsdepartementet. Arenaen ligg under Diku - Direktoratet for  internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning, og skal lyse ut prosjektmidlar som gir fagfolk rom til å forbetre, utvikle og spreie kunnskap om blant anna nye læringsformer og nye digitale verktøy. Dette skal bidra til at studentane lærer meir og betre.

– Studentane er dei framtidige arbeidstakarane. Regjeringa vil sikre høg kvalitet i utdanninga studentane får. Det er viktig for å omstille norsk økonomi og for å sikre eit berekraftig velferdssamfunn – og det er viktig for studentane sjølve at høgare utdanning er meiningsfylt, seier forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø.

Satsinga på Nasjonal arena er ein del av opptrappingsplanen for "Kvalitet i høgare utdanning" i den reviderte langtidsplanen for forsking og høgare utdanning.      

17,5 millionar til betre informasjonssikkerheit

For å løyse dei utfordringane universitets- og høgskolesektoren står overfor, mellom anna ved å førebygge, oppdage og handtere truslar i forskingsnettet, vil regjeringa løyve 17,5 millionar kroner til å etablere eit program for informasjonssikkerheit.

– Regjeringa vil ha eit tryggare Noreg, og at arbeidet med IKT-sikkerheit skal ha høg merksemd. Meir og meir vert digitalisert i offentleg sektor. Det er bra fordi det gir store og mange moglegheiter, men det fører også med seg nye truslar. Samfunnet må ha tillit til handtering av personvern og datasikkerheit, og vi treng å løyse desse utfordringane i universitets- og høgskolesektoren, seier Nybø.

Midlane blir tildelte gjennom UNIT - Direktoratet for IKT og fellestenester i høgare utdanning og forsking.

Fleire lærarar med doktorgrad

Regjeringa foreslår å løyve 8 millionar kronar til fleire doktorgradar i offentleg sektor og privat næringsliv, og med særleg vekt på å få fleire lærarar i skolen til å ta doktorgrad.

– Av desse midlane skal det opprettast 10 nye stipendiatstillingar for lærarar. I tillegg foreslår vi å nytte 5 millionar kroner til tiltak for å få fleire lærarar til å ta doktorgrad. For kunnskap og ferdigheiter hos læraren er det viktigaste for læringsutbyttet til elevane, meiner forskings- og høgare utdanningsministeren.

Lærarar med kompetanse innanfor forsking vil bidra til å styrke samarbeidet med universitet og høgskolar, betre rettleiinga av lærarstudentar i praksis og auke kvaliteten i skolen.

 –  Vi vil difor motivere fleire skoleeigarar til å søke om midlar til at fleire lærerar kan ta ein offentleg sektor-ph.d., seier Nybø.

Regjeringa foreslår også å finansiere fire nye stipendiatstillingar for privat næringsliv (nærings-ph.d.). Desse forslaga følger opp den langsiktige prioriteringa «Fornying i offentleg sektor og betre offentlege tenester» og målet om «Styrka konkurransekraft og innovasjonsevne» i revidert langtidsplan for forsking og høgare utdanning.

Meir kommunal praksis i helse- og sosialfagutdanningane

Regjeringa ønsker at studentar i større grad kan få relevant arbeidspraksis under studia. Difor foreslår ho å løyve 10 millionar kronar til ei pilotordning for kommunal praksis i helse- og sosialfagutdanningane.

– Vi treng fleire som arbeider i helse- og omsorgssektoren i kommunane. Det er viktig for eit berekraftig velferdssamfunn og eit tryggare Noreg. Denne ordninga skal bidra til at meir av praksisdelen i utdanningane kan skje i dei kommunale tenestene, og til å auke kvaliteten i praksisstudia, seier Nybø. 

Mange av dei som blir utdanna i helse- og sosialfagutdanninga, kjem til å jobbe i kommunane, men mykje av dagens praksis skjer i spesialisthelsetenesta (sjukehus), som har avgrensa kapasitet til å ta imot fleire studentar.

– Kommunane må få hjelp og støtte til å etablere fleire gode praksisplassar. Det vil også føre til auka rekruttering til kommunane, for ikkje å snakke om auka kompetanse og betre kvalitet i dei kommunale helse- og velferdsteneneste, meiner Iselin Nybø (V).

Tiltaket følger opp den langsiktige prioriteringa «Fornying i offentleg sektor og betre offentlege tenester» i langtidsplanen for forsking og høgare utdanning.

Til toppen