Regjeringa sin bioøkonomistrategi

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale presenterte i dag regjeringa sin bioøkonomistrategi på Borregaard i Sarpsborg. Strategien skal bidra til auka verdiskaping og nye arbeidsplassar; reduserte klimagassutslipp og ei meir effektiv og lønsam utnytting av naturressursane.

– Det er naudsynt med auka produksjon av fornybare ressursar frå skog og jordbruk, samt betre bruk av råstoffa for å utnytte mogelegheitene som ligg i bioøkonomien. Det trengs samstundes eit nært samspel mellom råvareproduksjon, forsking, teknologiutvikling og foredlingsindustri for å møte utfordringane i framtida, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale. 

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale presenterer regjeringa sin nasjonale strategi for bioøkonomi på Borregaard i Sarpsborg.
Landbruks- og matminister Jon Georg Dale presenterer regjeringa sin nasjonale strategi for bioøkonomi på Borregaard i Sarpsborg. Foto: Landbruks- og matdepartementet

Fire innsatsområde

Regjeringa sin bioøkonomistrategi peikar ut fire innsatsområde:

  • Samarbeid på tvers av sektorar, næringer og fagområde
  • Marknadar for fornybare biobaserte produkt
  • Effektiv bruk og lønsam foredling av fornybare biologiske ressursar
  • Berekraftig produksjon og uttak av fornybare biologiske ressursar. 

Viktige tiltak

Viktige tiltak i bioøkonomistrategien er: 

  • Styrke forskingsinnsatsen på sektoren med 50 millionar kroner
  • Etablere investeringsselskap for støtte til klimavenleg teknologi
  • Styrke låneordninga i Innovasjon Norge med 300 millionar kroner
  • Åpne for at Investinor kan investere i etablerte, unoterte verksemder i skog- og trenæringa
  • Gradvis opptrapping i bruk av biodrivstoff fram mot 2020
  • Etablere ei særskilt ordning for å utbetre flaskehalsar på det offentlege vegnettet, som er til hinder for effektiv tømmertransport
  • Vidareutvikle skogsvegnettet
  • Aktiv skogkultur og planteforedling
  • Meir bruk av norske råvarer i utvikling av dyrefôr
  • Revidere gjødselvareforskriften for å leggje til rette for meir bruk av organisk gjødsel og slam
  • Gjennomgang av etablert regelverk for å sikre betre bruk av råstoff, og utvikling av forvaltningsregimer som kan gi betre utnytting av marine artar
  • Strategi for ilandføring og bruk av restråstoff frå fiskerinæringa
  • Melding til Stortinget om avfallspolitikken og sirkulær økonomi
  • Gjennomgang av det offentlege verkemiddelapparatet for å sikre samarbeid mellom næringar. 

Borregård viser veg inn i bioøkonomien

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale vitja i dag Borregaard i Sarpsborg. Borregaard har eit av dei mest avanserte bioraffineria i verda, basert på bruk av trevirke. Borregaard produserer avanserte og miljøvenlege produkt til bruk i mellom anna byggjeindustri, landbruk og fiskeri, drivstoff, batteri, næringsmiddel, medisinar, kosmetikk og tekstilar. Selskapet har og sterke posisjonar innen tilsetningsstoff og finkjemikalier. Ved bruk av naturlege, berekraftige råmaterialar leverer Borregaard ei rekke miljøvenlege produkt som kan erstatte oljebaserte produkter.

Sidan 2007 har Borregaard utvikla Exilva mikrofibrillær cellulose, som har unike eigenskapar som tilsettingsstoff i lim, vaskemidlar, kosmetikk osb. Produktet er basert på trevirke, og kan nyttast i staden for petrokjemiske produkt. Kristin Sundby på Exilva-laboratoriet orienterer administrerande direktør Per Sørlie og landbruks- og matminister Jon Georg Dale.
Sidan 2007 har Borregaard utvikla Exilva mikrofibrillær cellulose, som har unike eigenskapar som tilsettingsstoff i lim, vaskemidlar, kosmetikk osb. Produktet er basert på trevirke, og kan nyttast i staden for petrokjemiske produkt. Kristin Sundby på Exilva-laboratoriet orienterer administrerande direktør Per Sørlie og landbruks- og matminister Jon Georg Dale. Foto: Landbruks- og matdepartementet