Revidert nasjonalbudsjett

Regjeringa vil styrke overvaking og forsking i Polhavet

Regjeringa vil bruke 10 millionar kroner på forskingsutstyr for å sikre viktig datainnsamling i Polhavet. Med det styrkar vi Noregs nærvær i eit område med stor internasjonal interesse.

– Kunnskap om Arktis og korleis klimaendringane påverkar Polhavet er avhengig av forskingsdata. No får vi stabil datainnsamling, frå eit av verdas mest utilgjengelege område. Det vil styrke norsk polarforsking, og vere eit viktig bidrag til den internasjonale forståinga av korleis Arktis og Polhavet no endrar seg, seier forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland (Ap).

Regjeringa er oppteken av å oppretthalde Noregs bidrag til den globale klimaforskinga.

– Noreg er ein leiande polarforskingsnasjon i Arktis, og det skal vi halde fram med å vere. Vi skal sørge for å ivareta interessene våre gjennom kunnskapsinnhenting og nærvær i Arktis, seier Aasland.

Viktig kunnskapsgrunnlag framover

Regjeringa foreslår å løyve midlar til måleinstrument som observasjonsbøyer og kommunikasjonsteknologi som kan sikre stabil datainnsamling i om lag sanntid. Utstyret vil bidra til at vi kan overvake og forstå viktige prosessar i Polhavet og om klimaet i Arktis. Observasjonsbøyene skal setjast ut under isen i Polhavet, og vil drive med isen ut i Framstredet mellom Svalbard og Grønland. Bøyene er svært viktige fordi satellittar og dronar ikkje kan gjere målingar under isen.

– Med målretta og moderne utstyr kan vi sørge vi for innhenting av unike observasjonsdata, som er viktig kunnskapsgrunnlag for forsking og forvaltning framover, seier Aasland.

Det er Forskningsrådet som skal forvalte pengane.