Statsbudsjettet 2021:

Regjeringa utvidar ordninga med billigare skulefritidsordning for familiar med låg inntekt

Skulefritidsordninga (SFO) er ein viktig arena for å bli integrert, inkludert og utvikle sosiale evner. Likevel er det mange barn som ikkje deltar i SFO på grunn av høg foreldrebetaling. Difor foreslår regjeringa i 2021 å utvide ordninga med redusert foreldrebetaling i SFO til òg å gjelde 3. og 4. trinn.

– Det skal ikkje vere slik at du ikkje kan delta på SFO på grunn av inntekta til familien. For barn med innvandrarbakgrunn kan billigare SFO bidra til å inkludere fleire og gi betre språkevner. Alle barn skal ha like moglegheiter til å lykkast, uavhengig av bakgrunn. Difor er dette tiltaket så viktig, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V).

Hausten 2020 vart det innført redusert foreldrebetaling i SFO for 1. og 2. trinn for familiar med låg inntekt. I statsbudsjettet for 2021 foreslår regjeringa å nytte ytterlegare 25 millionar for å utvide ordninga. Det betyr at redusert foreldrebetaling òg vil gjelde 3. og 4. trinn frå hausten.

Utvidinga gir ei nasjonal moderasjonsordning på alle trinn i SFO  for familiar med låg inntekt. Det sikrar òg at ingen familiar skal bruke meir enn maksimalt seks prosent av inntekta til hushaldet til å betale for ein SFO-plass.

– Ved  å styrke denne ordninga gir vi kommunane økonomisk handlingsrom til å gi barn i låginntektsfamiliar moglegheit til å delta i SFO. No er det viktig at kommunane følgjer opp med god informasjon slik at flest mogleg får nytta seg av tilbodet, seier Melby.

Ordninga skal òg gjelde for friskular

For friskulane har det vore vanskeleg å tilby moderasjonsordningar i SFO sidan dei ikkje kan nytte midlar dei får frå staten til å drifte skulane. Familiar med barn i friskular har hittil ikkje hatt tilbod om redusert foreldrebetaling.

– Vi foreslår å nytte 3 millionar kroner slik at skulefritidsordninga ved friskular kan tilby redusert foreldrebetaling på lik linje med offentlege skular. Det er viktig for oss at barn skal ha like moglegheiter uavhengig av kvar dei bur, kva for familie ein kjem frå eller kva skule ein går på, seier Melby.

Her er SFO-tiltaka i statsbudsjettet for 2021

  • Regjeringa set av 25 millionar kroner til å styrke ordninga med redusert foreldrebetaling i SFO ved offentlege skular for 3. og 4. trinn.
  • Regjeringa set av 3 millionar kroner til ny tilskotsordning for redusert foreldrebetaling i SFO ved friskular.
  • Regjeringa set av 15,2 millionar kroner til gratis SFO for familiar med låg inntekt i utvalde kommunar.