Historisk arkiv

Regjeringa vil ha folkehøgskole på Svalbard

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Regjeringa foreslår å løyve 7,1 millionar kroner til å starte opp ein folkehøgskole på Svalbard hausten 2019. – Ein slik folkehøgskole vil gi elevar og tilsette eit heilt unikt tilbod, og bidra til eit særskilt fokus på miljø og berekraft i ein sårbar region. Det vil også skape nye arbeidsplassar og auke andelen norske fastbuande, seier kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner.

Skolen er planlagd med 125 elevplassar og 25 tilsette. Han vil nytte Svalbards særskilt rike natur, og tilby linjer innan blant anna friluftsliv, klima, miljø, forsking, foto og kunst. Miljø og bærekraft vil ligge til grunn for drifta og alle linjene på skolen.

Etableringa av skolen aukar truleg andelen fastbuande nordmenn på Svalbard med 8 prosentpoeng, frå 65 til 73 prosent. Ein slik auke vil og vere eit viktig bidrag i regjeringas svalbardpolitikk.

– Folkehøgskolen vil gi auka merksemd om nordområda. Frå 1. august i år endra Stortinget folkehøgskolelova slik at ho også gjeld på Svalbard. Kunnskapsdepartementet har motteke ein søknad om skiping av ein skole frå hausten 2019 frå Noregs KFUK-KFUM og Longyearbyen lokalstyre. No realiserer vi draumen, seier Sanner.