– Vi er på tampen av eit historisk idrettsår for Noreg, og for Arbeidarparti-regjeringa er det viktig å legge til rette for at vi også i framtida kan få norske idrettsprestasjonar i verdstoppen, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery (Ap).

Noregs idrettsforbund (NIF) har søkt staten om tilskot til å byggje eit nytt nasjonalt toppidrettssenter. Det eksisterande toppidrettssenteret vart bygd på 1980-talet, er ikkje universelt utforma og har levd si tid.

– Det er behov for eit nytt toppidrettssenter for heile idretts-Noreg. Arbeidarparti-regjeringa stiller opp for å sikre dette, framheld Jaffery. 

Søknaden er kvalitetssikra og kostnadsrekna til nær 1,3 milliardar kroner. Byggeperioden for prosjektet er rekna til tre år og vil krevje løyvingar over statsbudsjetta for 2027, 2028 og 2029.

– Dette året har vi sett kva norske prestasjonar i store meisterskap og konkurransar gjer med Noreg og oss. Det motiverer og engasjerer unge til å delta i idrett, det skaper fellesskap og stoltheit i befolkninga, og det viser Noreg fram for verda. Arbeidarparti-regjeringa vil bidra til at vi får meir av dette, avsluttar Jaffery.

Regjeringa foreslår at staten dekker 90 prosent av kostnadene, fordelt med 40 prosent frå statsbudsjettet og 50 prosent frå spelemidlane. Dei resterande 10 prosentane, samt eventuelle kostnadsoverskridingar, skal dekkast av Noregs idrettsforbund. 518 millionar kroner er foreslått over statsbudsjettet for heile prosessen, medan løyvingsframlegget for 2027 er 21 millionar kroner.