Revidert nasjonalbudsjett:

Regjeringa vil medverka til nytt barnemuseum på Finnsnes

Regjeringa gjer framlegg om å medverka med 2 millionar kroner til etablering av eit barnemuseum, med den permanente utstillinga "Midt-Troms i miniatyr", ved Midt-Troms Museum på Finnsnes.

- Regjeringa ynskjer med dette å medverka til å gjera dette tiltaket til røyndom – eit prosjekt som set borna i sentrum på deira eigne premissar, seier kulturminister Linda Hofstad Helleland.

På Barnemuseet på Finnsnes skal born få tilgang til kulturhistorie og samfunnskunnskap på eigne premissar gjennom leik, kreativitet og fantasi.

Utstillinga "Midt-Troms i miniatyr" vil gje borna ein aktuell, interaktiv og leikande introduksjon i den regionale kultur- og natursoga. Med verkemiddel som borna kjennar seg att i, vil utstillinga festa blikket på ei berekraftig utvikling sett i ljos av både kysthistorie, ny næringsverksemd og den særeigne økologien i regionen.