– Norsk natur er under aukande press og har fleire miljøutfordringar enn før. Samstundes ser vi ei større interesse for naturen vår blant folk flest. Gode naturopplevingar kan inspirere til å ta betre vare på naturen. Difor ynskjer vi å utvikle og styrkje besøkssentra våre for natur. Eg ser frem til å sjå alle innspela som kjem inn, seier klima- og miljøminister Sigrun Aasland.

Besøkssentra er viktige i arbeidet med å informere folk om naturen og verneområda dei nyttar, og kvifor vi må ta vare på naturtypane og artane i området. I dag har vi 39 autoriserte besøkssenter for natur som får statleg støtte.

Målet med den nye strategien er å styrkje besøkssentra. Det er også ei målsetting at prosessen for å autorisere og gjenautorisere besøkssentra skal bli betre.

Innspelsmøte om den nye strategien

Klima- og miljødepartementet vil arrangere eit ope digitalt innspelsmøte om den nye strategien. Her kan dei som ynskjer kome med sine innspel.  

Når: måndag 2. november klokka 12:00-15:00

Kvar: digitalt. (Lenke blir lagt ut på denne sida seinast dagen før)

Høyringa er open for alle. Høyringssvar sendast skriftleg. Fristen for å sende innspel er fredag 31. desember 2026.

  • I dag er det 39 besøkssenter for natur som er autorisert og får statleg økonomisk tilskot. Strategien omfattar ikkje dei sju besøkssentra for verdsarv. Desse er omfatta av ein egen plan.
  • Alle senter som får statleg økonomisk støtte i dag, skal framleis ha høve til å bli autorisert i framtida, men det blir opna for at også andre senter kan søkje når autoriseringsperioden til dei som i dag er autorisert, går ut.
  • Det er ikkje eit mål at talet på autoriserte senter skal endrast i særleg grad.
  • I forslaget til ny strategi er det utarbeida kriteriar for geografisk plassering og kvalitet, som alle autoriserte senter må oppfylle.
  • Strategien har forslag til må-krav og bør-krav, der både eksisterande senter og nye kandidatar må tilfredsstille må-kriteria, medan det vil bli ei vurdering knytt til bør-krava.
  • Dersom det, etter ei samla vurdering, er lik eller marginal skilnad på eit eksisterande autorisert senter og eit nytt senter, skal det eksisterande senteret i utgangspunktet bli valt.