Revidert nasjonalbudsjett:

Regjeringa vil styrkje innsatsen mot skrantesjuke

Regjeringa foreslår å flytte 2 millionar kroner i budsjettet for 2021 til arbeidet med skrantesjuke. Det er behov for ein styrkt innsats som følgje av eit nytt smitteutbrot på Hardangervidda som blei oppdaga i 2020.

Skrantesjuke er ein av vår tids alvorlegaste sjukdomar på ein viltart. For villrein er sjukdomen dødeleg i alle tilfelle. Klassisk skrantesjuke blei påvist på ein villreinbukk under villreinjakta på Hardangervidda september 2020. Dette er fyrste gong denne sjukdomen er funne utanfor Nordfjella, der den fyrst blei oppdaga i 2016.

-Funnet av skrantesjuke på Hardangervidda hausten 2020 har ført til eit behov for ein styrkt innsats mot denne sjukdomen. For å avgrense smitten og hindre vidare spreiing, må fleire omfattande tiltak bli sett i verk raskt. Derfor forslår regjeringa no å flytte 2 millionar kronar i 2021 til kampen mot skrantesjuke, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).

Tiltak mot skrantesjuke er viktig for å sikre friske bestandar av villrein i Noreg. Det er også viktig at vi hindrar vidare spreiing til andre villreinstammer eller til tamrein og anna hjortevilt. Tiltaka og vegen vidare skal tuftast på fakta og faglege råd – og sjølvsagd med lokal involvering. Aktuelle tiltak i 2021 er blant anna merking av villrein, tiltak for å hindre utveksling mellom bestandar, analyse av felt villrein, jaktoppsyn og andre lokale tiltak.