Statsbudsjettet 2021:

Regjeringa vil styrkje overvakinga av kysten

Regjeringa foreslår å løyve 32 millionar til betre overvaking av kysten, meir kunnskap om livet i havet og styrking av Forskingsrådets marine verkemiddel.

– Forsking og utvikling er viktig når vi skal skape vekst i den blå økonomien. Betre overvaking av kysten og meir kunnskap om livet i havet kan leggje til rettje for ei berekraftig vekst i havnæringane og kan bidra til nye arbeidsplassar langs kysten, seier fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen.

Vil ha eit varslingssystem som kan seie i frå om giftige algar og truande manetar

I statsbudsjettet for 2021 foreslår regjeringa fleire tiltak som skal gi betre kunnskap, meir innovasjon og betre overvaking av kysten.

  • Regjeringa foreslår å tildele 11 millionar kroner til Havforskingsinstituttet og 2 millionar kroner til Veterinærinstituttet til forsking og overvaking av kysten. Pengane skal brukast til å utvikle eit nytt varslingssystem for kysten som heiter Coastwatch. Eit slikt system vil mellom anna kunne varsle om trugsmål langs kysten, og redusere skadeomfang ved oppblomstring av giftige algar eller manetar som truger oppdrettsanlegg. Sastinga vil og gi betre kunnskap om kystøkologien og kva som er bakgrunnen for endringane vi ser, mellom anna for kysttorsk og kystreker. Dette gir grunnlag for betre forvalting.
  • I tillegg tildelast Havforskningsinstituttet 4,6 millionar kroner til auka kunnskap om bestandar vi har lite data om, som til dømes snøkrabbe, hummer, lange, brosme, breiflabb og steinbit.
  • Forskingsrådet sine marine verkemiddel styrkjast med 15 millionar kroner som skal bidra til vekst i den blå økonomien.

Fiskerinæringa bidrar til meir forsking

Førstehåndsomsetninga av fisk er ilagt ei avgift for å finansiere fiskeriforsking. Prognosane for inntekter frå fiskeriforskingsavgifta er auka med 57 millionar kroner samanlikna med saldert budsjett 2020.

 – Dette vil styrkje forskinga på dei levande marine ressursane monaleg og gi oss ny kunnskap, seier fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen.