Regjeringas integreringskonferanse
Nyheit | Dato: 01.06.2026 | Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Arbeids- og inkluderingsminister Kjersti Stenseng møtte i dag frivillige organisasjonar frå heile landet for å høyre om, og få tilbakemeldingar for å få til betre integrering.
– For Arbeidarparti-regjeringa er det viktig å leggje til rette for at dei som kjem til landet vårt får muligheita til å lukkast, gjennom god språkopplæring og moglegheiter til jobb. Det er ein utfordring at for mange med innvandrarbakgrunn står utanfor arbeidslivet og sliter med levekårsutfordringar. Vi må sikre betre integrering i Noreg, og då er innspela frå organisasjonane er heilt avgjerande for at også myndigheitene jobber i riktig retning, seier arbeids- og inkluderingsminister Kjersti Stenseng.
Konferansens hovudtemaer i år er kvalifisering og høgare arbeidsdeltaking, betre levekår og mindre segregering, og kulturelle barrierer for deltaking og verdifellesskap. Organisasjonane gir blant anna sine innspel på korleis vi kan få fleire ut i jobb, lære dei språk og korleis ein sikrar at kulturelle barrierer ikkje står i vegen for deltaking i arbeid- og samfunnsliv.
– Arbeidarparti-regjeringa jobbar no med ein heilt ny integreringsstrategi og vi har innført ei rekkje tiltak for å betre integreringa i Noreg, og få fleire i arbeid. God integrering er det viktigaste vi kan gjere for den einskilde, men også for samfunnet, seier Stenseng.