Reinhaldsarbeidarar tilbake til Forsvaret

11. desember innfrir regjeringa endå eit løfte frå Hurdalsplattforma når dei første privattilsette reinhaldsarbeidarane i Rogaland og Agder igjen får staten som arbeidsgivar. - For Arbeiderparti/Senterpari-regjeringa handlar reinhald i Forsvaret ikkje minst om kvalitet og trygge arbeidsplassar, seier forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp).

Regjeringa vedtok allereie i januar at Forsvarsbygg skulle ha ansvaret for reinhald i forsvarssektoren. Reinhaldet omfattar om lag ein million kvadratmeter, og blir i dag varetekne av fleire private aktørar. Omfanget samla sett utgjer ein av dei største reinhaldsleveransane i Noreg, og gjeld mange tilsette.

Avgjerda om å tilbakeføra reinhaldet til forsvarssektoren er ei oppfølging av Hurdalsplattforma der det blir stadfesta at regjeringa vil «Sørgje for at reinhaldet i heile forsvarssektoren igjen blir organisert i Forsvarets eigen regi».

Regjeringas føringar er at dagens effektivitetsnivå skal haldast oppe, med mål om å få ei løysing som er betre for sektoren totalt sett.

- Eg er trygg på at Forsvarsbygg finn gode løysingar som varetek krava til effektivitet og kvalitet. Medverknad og involvering av organisasjonane og dei tilsette er viktig i det arbeidet, seier Gram.

Målet er at alt dagleg reinhald er tilbakeført til Forsvarsbygg i løpet av 2024. 

- Me skal skapa ein god arbeidsplass for reinhaldsarbeidarane og reinhaldsleiarane. Tenesta skal også tilfredsstilla  forventninga brukarane har til kvalitet og vera berekraftig over tid, seier direktør Forsvarsbygg Thorbjørn Thoresen.

Bakgrunn
Regjeringa har vedteke at Forsvarsbygg får ansvaret for reinhaldet i forsvarssektoren som del av ei heilskapleg eigedomsforvaltning.

Forsvarsbygg skal etablera ein stor reinhaldsorganisasjon med meir enn 400 tilsette. Oppbygginga vil skje med basis i dei reinhaldsressursane som finst i sektoren i dag.  

For meir bakgrunnsinformasjon, sjå: www.forsvarsbygg.no/renhold

 

Geir Pollestad (Sp) og Kari Nessa Nordtun (Ap) på besøk på Madla
Geir Pollestad (Sp) og Kari Nessa Nordtun (Ap) på omvisning på KNM Harald Hårfagre Foto: trond Øvstedal