– Eg er veldig bekymra for leseferdigheitene til elevane og deira manglande leselyst. Gode skulebibliotek er avgjerande for å snu denne utviklinga. Derfor har vi i fleire år prioritert midlar til skulebibliotek og i år er denne potten rekordstor, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun.

Etter budsjettsemja med Raudt, SV, MDG og Sp auka tilskotet til skulebibliotek frå 50 til 103,2 millionar kroner i 2026. Kommunane kan bruke pengane på personalressursar eller på å auke kompetansen til dei tilsette. For første gong har kommunane også kunne søke om pengar til å kjøpe inn fleire bøker til skulebiblioteka. Kunnskapsministeren understrekar at tilskotet skal kome i tillegg til kommunen sine eigne midlar til skulebibliotek.

– Regjeringa meiner skulebibliotek er så viktig at vi øyremerkar pengar til kommunane. Så har vi tillit til at kommunane også bidreg med eigne midlar slik at elevar i heile landet får tilgang til eit skulebibliotek med eit breitt utval bøker og vaksne som kan rettleie dei. Då legg vi betre til rette for læring, kritisk tenking og leseglede, seier Nordtun.

Stor interesse blant kommunane

Totalt er det 208 kommunar som har søkt om tilskot til skulebibliotek. Av desse er det 174 kommunar som får midlar. Dette er ein kraftig auke frå i fjor, då 52 kommunar fekk tilskot.

Det er Utdanningsdirektoratet som har behandla søknadene og har fastsett nokre kriterium for vurdering av søknadene. Kommunane som får tilskot til personalressursar, må mellom anna ha ein plan for korleis skulebiblioteket kan brukast aktivt som ein del av opplæringa. Kommunane må også forplikte seg til å delta i satsinga med eigne midlar.

– At interessa er så stor viser at dette har vore eit behov i kommunane. Arbeidarparti-regjeringa har sett i gang eit leseløft i norsk skule, og allereie no får eg tilbakemeldingar på at det har sett lesing høgt på dagsordenen rundt om i heile landet. Men, vi er langt frå i mål. Å styrke lesinga i skulen krev innsats over tid, og det ansvaret tek eg på alvor, seier Nordtun.