Spelemidlane 2025:
Rekordhøgt beløp til kulturen i 2025
Pressemelding | Nr: 16/25 | Dato: 09.05.2025 | Kultur- og likestillingsdepartementet
1,2 milliardar kroner blir fordelt til kulturformål i år, eit historisk løft med ein auke på nær 150 millionar kroner frå i fjor.
– I årets fordeling styrker vi blant anna Kulturrom, tiltak til leselyst og Den kulturelle skulesekken. Det vi ønsker, er eit mangfald av kulturaktivitetar for små og store over heile landet, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.
Regjeringa vil framleis prioritere kunst og kultur og sikre at alle, uavhengig av bakgrunn, kan delta i kulturlivet.
Deltaking og leselyst
– Vi ønsker at fleire skal få spele i korps og spele teater, eller engasjere seg i andre kulturaktivitetar. Fordelinga vi no har gjort, når breitt ut i landet, seier kultur- og likestillingsministeren.
I årets fordeling har regjeringa prioritert tiltak som følgjer opp to viktige arbeid som regjeringa har lagt fram, Leselyststrategien og Handlingsplanen for deltaking.
Regjeringa aukar blant anna tildelinga til Den kulturelle skulesekken med 40 millionar kroner, 17 millionar kroner går til leselysttiltak og litteratur, 3,2 millionar kroner meir til Ungdom og Fritid og 21 millionar kroner meir til Kulturrom.
Eit viktig satsingsarbeid har vore å gje kulturlivet tilgang til gode kulturlokale. Tilskotet til Kulturrom er styrkt med 21 millionar kroner, og med totalt 86 millionar i potten for 2025 vil det bidra til gode og berekraftige arenaer for både å utøvarar og publikum, i heile landet.
Dramatikk, skværriggarar og Fosse
I årets fordeling er det sett av ekstraordinære tilskot til fleire viktige kulturtiltak, som 28 millionar kroner i støtte til skværriggarane Christian Radich (20 millionar kroner), Statsraad Lehmkuhl og Fullriggeren Sørlandet (4 millionar kroner kvar), knytt til vedlikehald.
Andre satsingar er:
- 10 millionar kroner meir til Frifond-ordningane
- 5 millionar kroner til oppfølging av NOU 2023: 20 Tegnspråk for livet
- 5 millionar kroner meir til amatørteater
- 4 millionar kroner meir til insentivordning for ny dramatikk
- 3 millionar kroner meir til arkivtiltak
- 3 millionar kroner meir til museumstiltak
Som ein del av regjeringa si satsing på kulturelt mangfald og inkludering blir 2 millionar kroner fordelt til FNs markering for personar av afrikansk opphav. Midlane skal mellom anna bidra til å fremje medvit om afrikansk kulturarv og historie og styrke inkludering.
2 millionar kroner går også til forprosjektet for Jon Fosse-senteret i Strandebarm. Senteret skal bli eit nasjonalt samlingspunkt for Jon Fosses litterære arv og styrke formidlinga av norsk samtidslitteratur.
Regjeringa har fordelt årets pott på 1 196,5 millionar kroner slik:
Tiltak |
Fordeling (NOK) |
Den kulturelle skulesekken |
390 000 000 |
Frifond |
220 000 000 |
Regionale kulturbygg – desentralisert ordning |
89 500 000 |
Kulturrom |
86 000 000 |
Bibliotektiltak |
56 700 000 |
Amatørteatertiltak |
36 600 000 |
Nasjonale musikkorganisasjonar |
35 600 000 |
Museumstiltak |
30 250 000 |
Skværriggarane |
28 000 000 |
Instrumentfondet |
21 000 000 |
Arkivtiltak |
18 000 000 |
Leselyststrategi og litteratur |
17 000 000 |
Ungdom og Fritid |
17 000 000 |
UKM – Ung Kultur Møtes |
14 900 000 |
Tilskot til barne- og ungdomstiltak |
14 755 000 |
Tilskotsordningar for kor |
14 200 000 |
Inkludering i kulturliv |
13 000 000 |
Scenekunsttiltak |
11 000 000 |
Rekruttering og deltaking – korps og orkester |
10 845 000 |
Folkeakademienes Landsforbund |
9 740 000 |
Insentivordning for ny norsk dramatikk |
9 000 000 |
Krafttak for sang |
7 610 000 |
Teiknspråktiltak |
5 050 000 |
Nynorsk bedriftsforum |
950 000 |
Kulturstøtta |
4 280 000 |
Ordningar for kordirigentar |
3 580 000 |
Norske kirkeakademier |
2 385 000 |
FNs tiårsmarkering for personar av afrikansk opphav |
2 000 000 |
Jon Fosse-senter forprosjekt |
2 000 000 |
Totalt |
1 196 458 000 |