Spelemidlane 2025: 8 milliardar til idrett, kultur og frivilligheit
Pressemelding | Nr: 14/25 | Dato: 09.05.2025 | Kultur- og likestillingsdepartementet
Overskotet frå Norsk Tipping til fordeling i 2025 er 8 milliardar kroner, heile 951 millionar kroner meir enn i 2024. Beløpet har aldri før vore så høgt.

– Heile det store overskotet frå Norsk Tipping går rett til idretten, kulturen og frivilligheita. Årets fordeling på 8 milliardar kroner er rekordhøg med ein auke på meir enn 950 millionar kroner frå i fjor. Regjeringa prioriterer eit mangfald av kulturaktivitetar over heile landet, og eit løft for heile idretten mellom anna med mål om auka deltaking, seier statsminister Jonas Gahr Støre.
– Årets rekordfordeling viser tydeleg at einerettsmodellen er ein modell som også tener idretten godt. Sjølv i stramme økonomiske tider aukar spelemidlane, og i år er fordelinga til idrettsformål historisk høg, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.
Over 4 milliardar til idretten
Det blir fordelt heile 4,25 milliardar kroner til idrettsformål i år, ein auke på 531 millionar kroner frå i fjor.
– Gjennom heile regjeringsperioden har vi prioritert idretten. Med årets rekordfordeling gjennomfører vi eit ordentleg løft for idretten, seier Jaffery.
Regjeringa har fordelt pengane med mål om å få fleire idrettsanlegg på plass og at fleire skal kunne bli med i idretten – uavhengig av kor god råd foreldra har.
– Vi vidarefører innsatsen for at barn og unge skal ha like mogelegheiter til å delta, uansett kven dei er, kor dei bur, eller kva foreldra deira tener. Difor prioriterer vi i år tiltak for å få fleire barn og unge over heile landet til å delta, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.
Over 1 milliard til kultur og frivilligheit
Det blir fordelt 1,2 milliardar kroner til kulturformål i år, ein auke på nær 150 millionar kroner frå i fjor. I fordelinga blir det satsa på tilskot til barn og unge, kulturfrivilligheit med vidare.
– Det er ein rekordhøg sum som går til kulturen, og vi har mellom anna satsa på kulturfrivilligheit og barn og unge. Vi har fordelt midlane til eit breitt spekter av aktørar og tiltak – frå Christian Radich til Den kulturelle skulesekken. Kulturen og fellesskapa vi opplever, bind oss saman og gir oss nye perspektiv, seier Jaffery.
2,6 milliardar til andre formål
I tillegg til midlane til idrettsformål og til kulturformål blir resten av overskotet frå Norsk Tipping fordelt slik:
- 1 196 millionar kroner til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar via Lotteri- og stiftelsestilsynet (auke på 149 millionar frå 2024). Fordelinga blir kunngjort seinare.
- 858 millionar kroner til frivillige organisasjonar frå grasrotandelen (auke på 64 millionar frå 2024)
- 454 millionar kroner til helse- og rehabiliteringsformål via Stiftelsen Dam (auke på 57 millionar frå 2024)
- 40 millionar kroner til tiltak mot speleproblem (auke på 4,8 millionar frå 2024)
- 38 millionar kroner i overskot frå bingo (nedgang på 4,3 millionar frå 2024)