Eple.
Det norske eplesalet set nye rekordar. Foto: Landbruks- og matdepartementet

Per veke 40 er det omsett over 1000 tonn meir eple enn på same tidspunkt dei siste åra.

– Norske eple er ei fantastisk råvare. Dei er gode på smak og er av høg kvalitet. At det i år har blitt omsett rekordmykje norske eple, er verkeleg gledeleg. Desse tala viser også at forbrukarane er opptekne av å velje norsk når dei er i butikken, seier landbruks- og matminister Nils Kristen Sandtrøen.

Årsaka til auken er eit resultat av godt samarbeid over heile verdikjeda. For det første har det vore ein god eplehaust generelt, og det har vore høg produksjon i løpet av sesongen. I tillegg har butikkjedene vore flinke til å profilere norske eple overfor forbrukarane. Butikkane ser at forbrukarar i stadig større grad føretrekker norsk frukt og grønt.

– Det er veldig positivt at produksjonen av norske eple kan forsyne forbrukarane sitt ynske om norske varer. Dette er òg med på å auke norskandelen av frukt og grønt, seier Sandtrøen.

Det vil også vere norske eple i butikken etter 1. desember. Det dreier seg om sortane Rubinstep, Elstar og Fryd. Erfaringar frå tidlegare år viser at forbrukaren er svært glad for å ha tilgang til norske eple så lenge som mogleg, og det er positivt at forbrukarane ynskjer å velje norsk, sjølv når importerte eple også er tilgjengelege.