152 millionar tildelt frå Helseteknologiordninga:
Rekordstor satsing på digitalisering av helsetenestene
Nyheit | Dato: 16.02.2026 | Helse- og omsorgsdepartementet
Måndag 16. februar blir 152 millionar kroner frå Helseteknologiordninga tildelt for å styrke regjeringas arbeid med å digitalisere helsetenestene. Samtlege 15 fylkeskommunar og 346 av landets 357 kommunar er med på ein søknad som får midlar.
– Regjeringa prioriterer betre og tryggare helsetenester for innbyggarane. Med en rekordtildeling frå Helseteknologiordninga vil fleire kommunar kunne ta i bruk ny teknologi. Det bidreg til at Noreg kan få verdas mest digitaliserte helseteneste, seier helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre.
I 2026 er Helseteknologiordninga varig styrka med 50 millionar kroner, noko som gir eit samla tilskot på 199 millionar kroner. Det er den høgste summen i Helseteknologiordninga nokon gang.
Totalt 152 millionar kroner blei sett av for kommunar og fylkeskommunar til å søke på.
Digitalisering som hjelper
– Nye hjelpemilder gjer at folk får meir tilpassa oppfølging og behandling. For nokre kan digitalisering vere noko som dei synest er vanskeleg å sette seg inn i. Derfor må vi som samfunn stille opp, og gi dem støtte og rettleiing. Nye digitale hjelpemiddel skal gi innbyggarane tryggleik og auka fridom, fortel Vestre.
Det største tilskotet frå Helseteknologiordninga utgjer 122,6 millionar kroner. Ved utdelinga frå dette tilskotet prioriterer regjeringa i år personellsparande teknologi i journalløysingar, velferdsteknologi og digital heimeoppfølging.
Dette handlar om å breidde ut løysingar som allereie er testa ut, og som hjelper folk der dei bur og personell der de jobber. Det kan for eksempel vere velferdsteknologi som fallsensorar eller tryggleiksalarmar, som gir tryggleik for eldre og deira pårørande, forklarer Vestre.
Fleire kommunar går saman
I dei fleste tilfelle har fleire kommunar gått saman om søknader til Helseteknologiordninga.
Til dømes har Alta gått føre på vegner av over 20 kommunar i Nordland, Troms og Finnmark og søkt om midlar til eit felles prosjekt om anskaffing av ny journalløysing.
I Midt-Noreg går Ålesund, Kristiansund og Molde saman på vegne av 34 kommunar for å utvikle og sette i verk eit prosjekt, der sårbare innbyggarar som bur heime kan få hjelp før det utviklar seg til noko meir alvorleg.
– Denne type samarbeid har vi heilt sidan starten av Helseteknologiordninga oppmoda til. Slik kan kommunar lære av kvarandre, og vi kan raskt breidde ut gode løysingar som fungerer i vår felles helseteneste, fortel Vestre.
Det er også fleire prosjekt på andre teknologiområder, mellom anna i Stjørdal, kor dei sett i gang med anskaffing av nytt turnussystem med innebygd kunstig intelligens.
Høg etterspurnad
Då søknadsfristen gjekk ut 15. januar hadde kommunar og fylkeskommunar sendt inn søknadar for om lag tre gangar så mykje som utdelinga til desse. Det høge talet søknader er ein av grunnane til at regjeringa i årets budsjett prioriterte ei rekordhøg løyving til Helseteknologiordninga.
Rundt halvparten av søknadane som blei sendte inn var nye prosjekt, mens den andre halvparten var vidareføring av prosjekt som tidlegare har mottatt midlar.
Det var i år totalt 346 kommunar som var med på søknader som fekk tildelt midlar frå Helseteknologiordninga til ein eller fleire prosjekt. Det er opp frå fjoråret då 309 kommunar fekk utdelt midlar. Talet på 346 kommunar inkluderer både søknadskommunen og andre kommunar som er med på søknadane.
Kva er Helseteknologiordninga?
- Regjeringa foreslo i Hurdalsplattforma å etablere ei helseteknologiordning, og kommunar og fylkeskommunar kunne sende inn søknader til ordninga frå slutten av 2023.
- Formålet med ordninga er å stimulere kommunar til å samordne seg og legge til rette for investeringar, anskaffingar og innføring av betre teknologiske løysingar.
- Helsedirektoratet etablerte i 2025 ei rettleiings- og godkjenningsordning med ei samla oversikt over nasjonale krav og godkjenningar for helseteknologi. Ordninga støttar mellom anna kommunar og fylkeskommunar ved anskaffing av løysingar.
- Eit anna tilskot i ordninga som Helsedirektoratet deler ut midlar frå måndag 16. februar handlar om innføring av digitale samhandlingsløysingar, og utgjer totalt 30 millionar kroner. Her er Pasientens legemiddelliste prioritert.
- I tillegg mottar også KS eit øyremerka tilskot på 45 millionar kroner frå Helseteknologiordninga, men dette skjer på eit seinare tidspunkt. Desse midla går til å støtte kommunane i innføring av helseteknologi.