Renate Tårnes er ny statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet
Nyheit | Dato: 31.10.2025 | Helse- og omsorgsdepartementet
Renate Tårnes (f. 1989) blei i statsråd fredag 31. oktober utnemnd som statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet
Tårnes kjem frå stillinga som kommunikasjonssjef i Norges Lastebileier-forbund, kor ho begynte tidlegare i år. I perioden 2019–2025 jobba ho som informasjonsrådgjevar i Fagforbundet.
– Det er svært gledeleg å få med Renate som del av laget vårt her i departementet. Renate har lang politisk erfaring og eg kjenner ho som ein hardtarbeidande og dyktig politikar, som eg ser fram til å jobbe med. Saman skal vi sørge for at vår felles helseteneste blir førstevalet også for framtidige generasjonar, seier helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre.
– Dette blir spennande, litt skummelt og ikkje minst veldig givande. Det er fint å få bidra i arbeidet saman med Jan Christian og resten av den politiske leiinga, med å styrke vår felles helseteneste, seier statssekretær Renate Tårnes.
Tårnes kjem frå Vallersund i Ørland kommune i Trøndelag, og var fylkestingsrepresentant i Sør-Trøndelag fylkeskommune frå 2011–2019.
Tårnes har tidlegare vore aktiv i Arbeidarane si ungdomsfylking (AUF), der ho var politisk rådgjevar i perioden 2014–2016 og generalsekretær 2016–2018.
Av utdanning har Tårnes ein begynt bachelorgrad i statsvitskap frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU).