Historisk arkiv

Retusjert reklame må merkjast

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Barne- og familiedepartementet

Regjeringa vil innføre plikt til å merkje retusjert reklame som endrar utsjånaden til personar i reklamen. Lovforslaget blei i dag lagt fram for Stortinget.

Merkjeplikta gjeld reklame der kroppsfasong, kroppsstorleik eller hud er endra ved retusjering eller anna manipulering.

– Vi tek kroppspress på alvor. Forslaget om plikt til å merkje retusjert reklame er eit ledd i regjeringa sitt arbeid mot kropps- og utsjåandepress. Forslaget inneber òg at krava til marknadsføring retta mot barn blir strengare, fordi det skal vurderast om marknadsføringa bidreg til kroppspress, seier forbrukarminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF).

Plikta til å merkje retusjert reklame skal gjere folk, og særleg barn og unge, medvitne om at dei pene eller kule menneska i reklamen er vanlege menneske som er fiksa på. Føremålet er at fleire skal akseptere seg sjølve, utan å ville endre eige utsjåande.

Reklamen skal merkjast når kroppen til personen i reklamen er «fiksa» på, ved at fasongen, storleiken eller huden er endra. Unntak frå det generelle kravet må fastsetjast i forskrift.

– Eg vil at barn og unge skal få vekse opp utan å oppleve press om å forandre kroppen sin for å bli «bra nok», seier Ropstad.

Merkjeplikta gjeld både reklamebilete og reklamefilmar, og både endringar som blir gjorde under fotografering eller filming, til dømes ved filter i Snapchat, og endringar som blir gjorde i ettertid.

Det er annonsørane og dei som utformar reklamen, som får plikt til å merkje retusjert reklame. Desse er nærast til å vite om framstillinga av personane i reklamen avvik frå originalane. Plikta til å merkje gjeld òg influencerar når desse viser retusjerte bilete av seg sjølve mens dei reklamerer for ei vare eller teneste.

Barne- og familiedepartementet vil sørgje for at det blir laga eit standardisert merke som enkelt forklarer at utsjåandet til reklamepersonen er endra.

Reglane om merkjeplikt skal handhevast av Forbrukartilsynet, med Marknadsrådet som klageinstans. Brot på reglane vil føre til tvangsmulkt. Ved grovare tilfelle er det òg mogleg å gi gebyr for brot (overtredelsesgebyr).

Les lovforslaget her.