Reviderte vilkår for reguleringane i Ranavassdraget
Pressemelding | Dato: 12.06.2026 | Energidepartementet
I statsrådet i dag vart det fastsett reviderte konsesjonsvilkår for reguleringane i Bjerka-Plura, Langvatnet og Raudvatnet i Rana og Hemnes kommunar i Nordland. Vedtaket markerer avslutninga på ein langvarig revisjonsprosess, der omsynet til villaks, naturverdiar, reindrift og kraftproduksjon er sett i samanheng.
– Bjerka-Plura, Langvatnet og Raudvatnet påverkar kvarandre så sterkt at dei er behandla samla. Det har gitt eit betre grunnlag for å finne gode miljøløysingar på tvers av området og sikre ei meir heilskapleg forvaltning av natur- og kraftressursane, seier energiminister Terje Aasland.
Ranelva er eit nasjonalt laksevassdrag. Elva er i seinare tid friskmeldt etter nedkjemping av lakseparasitten Gyrodactylus salaris, og bestandane av laks og sjøaure er framleis under reetablering. Kunnskapsgrunnlaget viser at låg vasstand om vinteren kan vere ein flaskehals for ungfisk. Dette har vore eit sentralt omsyn i arbeidet med nye vilkår. I kalde og tørre år, når behovet for minstevassføring er størst for ungfisk, er tilsiget frå dei fråførte nedbørsfelta så lite at det ikkje lar seg gjere å oppretthalde ei tilfredsstillande minstevassføring. Miljøgevinsten av auka minstevassføring oppstraums Reinforsen er derfor vurdert som avgrensa. Fokuset er i staden retta mot andre delar av reguleringsområdet, der tiltak i større grad kan bidra til å styrkje tilhøva for laks og sjøaure.
Sidevassdraga til Ranelva er også ein del av det nasjonale laksevassdraget. Om lag 13 kilometer av Tverråga er tilgjengeleg for laks og sjøaure. I dag er vassføringa låg i periodar, og det er eit betydeleg potensial for miljøforbetringar.
– Auka minstevassføring i Ranelva vil etter vår vurdering gi ein avgrensa miljøeffekt. Me har derfor prioritert tiltak der effekten er større, særleg i Tverråga. I Tverråga blir det pålagt slepp av vatn som gjer det mogleg å utnytte produksjonspotensialet for laks og sjøaure i langt større grad enn i dag. Me vurderer at miljøgevinsten av dette tiltaket er stor, samtidig som tiltaket fører til avgrensa konsekvensar for kraftproduksjonen, seier Aasland.
Det skal også lagast ein plan for tiltak som kan betre biotopforholda, noko som vil kunne gi enda betre forhold for fisk i dei regulerte vassdraga.
Vasskraftutbyggingane har konsekvensar for bruksområda til fleire reinbeitedistrikt, og for eitt av distrikta er belastninga stor.
– Me pålegg derfor Statkraft å lage ein tiltaksplan i samarbeid med dei berørte reinbeitedistrikta. Det er første gong det blir stilt eit slikt krav i ein vilkårsrevisjon, og etter mitt syn er dette ei riktig og nødvendig tilnærming i denne saka. Målet er å redusere belastninga frå vasskraftanlegga og leggje betre til rette for sameksistens mellom energiproduksjon og reindrift, sier Aasland.
Det er ti vasskraftkonsesjonar som inngår i desse tre vilkårsrevisjonane. Det er foreslått å forenkle, oppdatere og halvere talet på vilkårssett.
Kraftverka i reguleringane har ein samla årleg produksjon på om lag 2,78 terawattimar (TWh). Rana kraftverk bidrar med viktige systemtenester til kraftnettet i regionen. Dei reviderte vilkåra vil i lita grad påverke fleksibiliteten og moglegheita til å regulere anlegga. Samla sett vil tiltaka medføre ein reduksjon i kraftproduksjonen på om lag 6 gigawattimar (GWh) per år. Dette gir eit berekna noverditap på om lag 47 millionar kroner over 40 år.