Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Revidert nasjonalbudsjett 2019

Riving av bomstasjonar

- Regjeringa er opptatt av at det skal bli mindre bompengar for folk flest. No brukar vi 200 millionar kroner til å slette gjelda til tre bompengeprosjekt og fjernar bomstasjonane. Igjen viser vi at vi tek folks bompengbelastning på alvor ved å få gjennom ytterligare løyvingar. Det kjem bilistane til gode, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Fylkesveg 544 Halsnøysambandet, fylkesveg 17 Tverlandet – Godøystraumen og Listerpakka er dei tre prosjekta som får sletta gjeld. Det betyr at bomstasjonane kan fjernast.

Vi sørger for at bilistane sparer 200 millionar kroner og fjernar bommane allereie i løpet av 2019. For dei som nyttar Halsnøysambandet i Hordaland slepp bilistane å betale om lag 119 millionar kroner. Bommane skulle stå heilt til 2025, men fjernast i år. På Tverlandet-Godøystraumen i Nordland stod det 66 millionar kroner att å betale. Bommane skulle fjernast i 2022. For dei resterande pengane vil òg dei 15 millionar kronene i Listerpakken slettast. Bommane skulle vore fjerna neste år, men det skjer no i løpet av 2019.

- Dei siste fem åra har regjeringa lagt ned bomstasjonar og redusert bompengetakstar utanfor byområda. Samtidig har statlig finansiering av veginvesteringar auka, slik at bilistane med den førre regjeringa betalte 40 % bompengar, mens denne regjeringa har redusert det til 28 %. Vi har òg effektivisert sektoren ved å redusere talet på bompengeselskap frå 60 til 5. Med Granavolden-plattforma vert innsatsen mot bompengar ytterligare styrka, seier finansminister Siv Jensen.

Sjå tabell for dagens takstar og kor mange bomstasjonar det er i dei ulike prosjekta.

 

Takstgruppe 1

Takstgruppe 2

Antall bommer på strekningen

Fv544 Halsnøysambandet

96 kr

264 kr

1

Fv17 Tverlandet – Godøystraumen

24 kr

36 kr

1

Listerpakken

25 kr

50 kr

3

 

 

Til toppen