Rustar næringslivet for omstilling

Statsbudsjettet 2016

Regjeringa legg fram eit budsjett for arbeid, aktivitet og omstilling. I statsbudsjettet for 2016 foreslår regjeringa å styrke innovasjon, forsking i næringslivet og gründerskap med 634 millionar kroner.

-  Norsk økonomi går frå særstilling til omstilling. Vi treng både fornying i eksisterande bedrifter og fleire nye, innovative bedrifter. Innovasjon er nøkkelen til framtidig velstand, berekraftig vekst, og trygge arbeidsplassar. Med regjeringa sitt budsjettforslag vil vi styrke konkurransekrafta til næringslivet, seier næringsminister Monica Mæland.

Hovudprioriteringa i Nærings- og fiskeridepartementet sitt budsjett for 2016 er å styrke omstillingsevna i næringslivet. Gründerskap og kommersialisering, betre rammevilkår for maritim næring og marin forsking er viktige stikkord for budsjettet.

- Marin sektor er svaret på mange av dei utfordringane verda står ovanfor, og regjeringa vil satse på marin forsking. Men vi må sørge for at forsking munnar ut i innovasjon og næringsutvikling, enten det handlar om å modernisere den tradisjonelle fiskeindustrien, utvikle ei berekraftig oppdrettsnæring eller legge til rette for heilt nye næringar basert på ressursar frå havet, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker.

Gründerskap, forsking og innovasjon i næringslivet

I statsbudsjettet for 2016 foreslår regjeringa tiltak for til saman 315 millionar kroner for å få fram gode gründerar.

Regjeringa foreslår å styrke Brukarstyrt innovasjonsarena (BIA) med 100 millionar kroner i 2016. BIA er Noregs forskingsråd sitt største program for næringslivet og skal bidra til størst mogleg verdiskaping gjennom forskningsbasert innovasjon i bedrifter.

Det foreslås å styrke mogleggjerande teknologiar med 10 millionar kroner, og det vil opnast opp for ei ny satsing på avanserte produksjonsprosessar.

Vidare vil regjeringa styrke miljøteknologiordninga med 134,5 millionar kroner. Ordninga gir investeringstilskot til pilot- og demonstrasjonsprosjekt innan miljøteknologi.

Marin forsking

– Forsking og innovasjon gjør det mulig å bruke råstoffet frå havet på meir effektive eller nye måtar. Satsinga på marin forsking vil bidra til å realisere potensialet som ligg i dei marine næringane, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker.

Regjeringa foreslår å auke løyvingane til marin forsking og forskingsinfrastruktur med 169,5 millionar kroner. Av dette skal 100 millionar kroner gå til vedlikehald og oppgradering av forskingsfartøya. Pengane er ein del av regjeringa sin eittårige tiltakspakke. 47,5 millionar kroner av auken er ein følgje av høgre sats og provenyauke frå fiskeriforskingsavgifta, og skal brukast til å styrke ressursforskinga.

Andre prioriterte område er forsking retta mot havbruk, sjømatindustri, teknologi, og utvikling av nye, marine næringar.

Betre rammevilkår for maritim næring

– Den maritime næringa er ei viktig drivkraft i norsk økonomi.  Derfor styrker vi tilskotsordninga for sysselsetting av sjøfolk og satsar på grøn skipsfart, seier næringsminister Monica Mæland.

Regjeringa la i vår fram ein strategi for den maritime næringa. Strategien inneheld viktige grep for å styrke konkurransekrafta til norske sjøfolk og maritime bedrifter. I forslaget til statsbudsjett foreslår regjeringa ei samla løyving til tilskotsordninga på 1 962 millionar kroner i 2016.

Regjeringa foreslår også å setje av 40 millionar kroner til grøn skipsfart. Pengane skal gå til ei tilskotsordning for kondemnering av skip og til å styrke innovasjonslåneordninga i Innovasjon Noreg. Ordninga skal stimulere til miljøvennlege nybygg i nærskipsfart.

I alt foreslår regjeringa å løyve 70,5 milliardar kroner over Nærings- og fiskeridepartementet sitt budsjett. Utanom lånetransaksjonar foreslår regjeringa ei løyving på om lag 12,6 milliardar kroner. Dette er ein auke på 721 millionar kroner, eller 6,1 prosent frå 2015.

Statsbudsjettet 2016 for Nærings- og fiskeridepartementet finnes her: Prop. 1 S Nærings- og fiskeridepartementet