Samferdselsdepartementet har gitt tilsegn til forlenga bompengeperiode i Førde

– Regjeringa ønskjer at viktige lokale prosjekt i Førde blir gjennomført. Derfor har vi gitt tilsegn til at det kan arbeidast vidare med sikte på ei forlenging av bompengeperioden, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Førdepakken omfattar om lag 20 ulike prosjekt i Sunnfjord kommune. Bypakken blei lagt fram for Stortinget i 2014, og året etter starta bompengeinnkrevjinga.

Etter planen skulle innkrevjinga avsluttast 3. oktober 2028, men analyser av kostnadsoverslaga for gjenståande prosjekt og vidare handlingsrom, viser at fleire prosjekt vil mangle finansiering dersom ikkje bompengeperioden blir forlenga. Sunnfjord kommune og Vestland fylkeskommune ønskjer derfor å forlenge bompengeinnkrevjinga med fem år til 3. oktober 2033.

Retningslinene for bompengepakkar seier at kostnadsauke og inntektssvikt ikkje skal handterast ved at innkrevjinga vert forlenga. Førdepakken får likevel eit unntak frå dette.

– Slik situasjonen er for Førdepakken no, kan ikkje viktige lokale prosjekt gjennomførast dersom bompengeperioden ikkje blir forlenga. Derfor har Samferdselsdepartementet, etter ei samla vurdering, kome til at vi kan gjere eit unntak for Førdepakken, seier samferdselsministeren.

Sjølv om Samferdselsdepartementet har gitt tilsegn om at det kan arbeidast vidare med sikte på ei forlenging av bompengeperioden på fem år, må ei sak om forlenging på vanleg måte leggjast fram for Stortinget.