No startar utbetringa av E136:

Samferdselsdepartementet har signert vegutbyggingsavtale med Nye Veier

– Vi veit at det har vore varierande standard på E136 og at særleg tunge køyretøy har hatt utfordringar på vinterstid. Derfor er det godt at denne avtalen no er på plass, slik at vi raskt kan setja i gang nødvendige utbetringstiltak, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Nye Veier har ansvaret for planlegging og utbygging av strekninga E136 Dombås-Vestnes i fylka Innlandet og Møre og Romsdal. I første omgang har Nye Veier valt å prioritere tiltak til utbetring på delstrekningane Veblungsnes og Stuguflåten-Raudstøl. Det er forventa at utbyggingskostnaden for dei to delstrekningane vil vere i underkant av 445 millionar 2023-kroner.

– E136 har ein smal vegbane og skarpe kurvar, og vegen har vore prega av fleire utforkøyringar og møteulykker. Dei utbetringstiltaka som Nye Veier no set i gang på strekninga skal gi auka trafikktryggleik, betre framkomme og betre sikt, seier Nygård.

Delstrekninga Veblungsnes ligg i Rauma kommune i Møre og Romsdal, og utbetringane gir god måloppnåing på framkomme og auka trafikktryggleik. Nye Veier har òg betydeleg redusert dei negative konsekvensane ved utbygginga, samanlikna med dei tidlegare alternativa.

Delstrekninga Stuguflåten-Raudstøl ligg i Lesja og Rauma kommunar i Innlandet. På denne strekninga er den største utfordringa framkomme på vinterstid og at trafikken stansar opp ved vanskelege køyreforhold. Det er òg dårleg sikt på strekninga på grunn av krappe kurvar og høge fjellskjeringar.

– I kombinasjon med den auka innsatsen på vinterdrift, vil tiltaka som Nye Veier vil gjennomføre på denne delstrekninga, bidra til betre framkomme på vegen, seier samferdselsministeren.