Samferdselsministeren har motteken rapport frå Statens vegvesen om null- og lågutsleppssoner i byområde

– I juni 2021 gav Samferdselsdepartementet Statens vegvesen i oppdrag å gjere ei vurdering av eit pilotprosjekt med nullutsleppssoner i nokre få byar. Vi har fått vurderinga, og må no ta stilling kva vi gjer vidare, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Noreg har som mål å redusere klimagassutsleppa med 50 til 55 prosent innan 2030, og transportsektoren må ta store delar av desse kutta. Derfor har Samferdselsdepartementet måtte sjå nærare på ulike verkemiddel for å redusere utslepp.

– Null- og lågutsleppssoner er verkemiddel som vil kunne bidra til å nå Noregs klimamål og -forpliktingar, mellom anna fordi det kan bidra til ei raskare innfasing av nullutsleppskøyretøy, seier Nygård.

Oppdraget blei gitt etter at fleire norske byar har ønska å opprette nullutsleppssoner for å redusere utsleppa av klimagassar. Særleg Oslo og Bergen har etterspurt eit slikt verkemiddel. Statens vegvesen peiker på at det vil kunne krevje ei lovendring for å etablere nullutsleppssoner.

I oppdraget til Statens vegvesen blei det også forespurt om ein kunne sjå nærare på vilkåra for lågutsleppssonane, slik at desse også kan opprettast med hensyn til klima. Kommunane kan i dag fastsetje ein lågutsleppssone av omsyn til lokal luft. Ein av konklusjonane frå Statens vegvesen er at det vil være mogeleg å justere/myke opp vilkåra slik at lågutslippssonar kan opprettast av omsyn til klima.

– Eg har no fått rapporten frå Statens vegvesen, og vi vil vurdere saka nærare før vi tek stilling til ein vidare prosess, seier samferdselsministeren.

For meir informasjon, sjå: