Samfunnskritisk personell får prioritert tilgang i 5G-netta

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Regjeringa vil fornye ordninga med prioritet i mobilnetta for personell med samfunnskritiske oppgåver og foreslår å auke løyvinga med 7 millionar kroner i 2022.

- Dagens ordning omfattar berre prioritet for tale over 2G-netta. Dette er ei løysing som tida har løpt forbi. Den nye ordninga vil gjelde for 4G- og 5G-netta, og både tale og data vil få prioritet, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

Dei tre mobiltilbydarane Ice, Telenor og Telia vil implementere løysinga i sine nett innan september 2023. Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) vil følgje opp dette arbeidet.

– Den sikkerheitspolitiske situasjonen i Europa gjer det nødvendig å auke vår nasjonale digitale beredskap. Prioritetsabonnement for tale og data er eit viktig tiltak for dette, seier Gjelsvik.

Dei tre mobilnetta til Ice, Telenor og Telia har høg kvalitet og sikkerheit. Men utfall kan skje, til dømes  ved ekstremvêr og fiberbrot. I tillegg kan det ved hendingar som samlar mange menneske, som konsertar, føre til at mobilnetta ikkje klarer å ta all tale- og datatrafikk, og at det til dømes blir vanskeleg å ringe.

- Det er viktig at personar som er avhengige av mobiltelefon for å utføre særleg samfunnskritiske oppgåver har prioritet. Regjeringa set no av ekstra ressursar for å få dette raskt på plass, seier Gjelsvik.

For å få prioritetsabonnement må verksemder søkje Nkom, med grunngjeving for kvifor det er eit slik behov. 

Kommunal- og distriktsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00

E-post til kommunikasjonseininga: ke@kdd.dep.no