Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Sanner legg fram forslag til nye læreplanar

Mandag 18. mars legg kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner fram forslag til nye læreplanar i skolen. Fagfornyinga er den største endringa i norsk skole sidan Kunnskapsløftet blei innført i 2006.

Stad: Sofienberg skole, Trondheimsveien 48, Oslo (Inngang frå Helgesens gate).

Regjeringa har sett i gang eit omfattande arbeid for å fornye innhaldet i skolen, slik at elevane blir best mogleg rusta for framtida. Dei nye læreplanane blir no sendt på offentleg høyring, før dei blir endeleg fastsett til hausten.  Frå skoleåret 2020/21 blir læreplanane innført i skolen. Målet er å styrke den faglege forståinga til elevane og legge betre til rette for djupnelæring.

Program mandag 18. mars

Kl. 10.00 – 10.25

Rektor ønsker velkommen, og kunnskaps- og integreringsministeren legg fram forslaget til dei nye læreplanane.

Kl. 10.25 – 10.40

Kl. 10.40 – 11.00

Seprarate intervju med pressa.

Minsteren møter elevar ved skolen. Det vil også vere høve å intervjue statsråden i klasserommet.

 

Pressekonferansen blir strøymd.

Nett-tv Sanner legg fram forslag til nye læreplanar

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Kontakt:

Journalistar som ønsker å delta på pressekonferansen kan ta kontakt med kommunikasjonsrådgivar Martin Andersson, maan@kd.dep.no, telefon 993 63 118.

Til toppen