Satsar på digitale læremiddel og kompetanseheving i skolen

Regjeringa ønsker fleire smarte, digitale læremiddel i skolen, og vil samstundes gi fleire lærarar høve til å bruke kompetansen sin i programmering. No er det mogleg å søke om i alt 70 millionar kroner i stønad.

Skolen skal få nye læreplanar hausten 2020. Gjennom den 5-årige satsinga Den teknologiske skolesekken gir regjeringa stønad både til å utvikle digitale læremiddel og programmeringsutstyr til grunnskolar og vidaregåande skolar.

– Når vi fornyar læreplanane, må også læremidla fornyast. Vi ønsker meir innovative og smarte, digitale læremiddel inn i skolen. Digitale læremiddel gjer det lettare å tilpasse opplæringa til den einskilde elev og vise faga fram på ein ny måte, seier statssekretær i Kunnskapsdepartementet Rikke Høistad Sjøberg.

Totalt er det 55 millionar kroner tilgjengeleg til utvikling av nye læremiddel. Desse kan forlag og andre produsentar av digitale læremiddel søke om. Miljø som mottek stønad frå det offentlege har ikkje høve til å søke.

Både nynorsk og bokmål

– Alle læremiddel skal vera tilgjengelege på både nynorsk og bokmål. Det er viktig at fornyinga dekker begge målformene, seier Sjøberg.

Med fagfornyinga vil fleire av faga bli meir praktiske og mindre teoritunge enn før. Elevane skal få rom til å fordjupe seg i faga, sjå samanhengar mellom ulike fagområde og utvikle evna til å reflektere og tenke kritisk. Då treng skolane også heilt nye typar læremiddel.

– Digitale læremiddel kan gjere undervisninga betre tilpassa og meir realistisk for både lærarar og elevar. Til dømes kan ein sjå for seg eit læremiddel i det tverrfaglege temaet "Folkehelse og livsmeistring" som stiller elevane overfor dilemma og ulike utfordringar i livet. Digitale læremiddel må vere meir enn "tekst på skjerm", seier Sjøberg.

I læremidla som skal utviklast vil det blant anna leggast vekt på grunnleggande ferdigheiter, kjerneelementa i faga og dei tverrfaglege temaa.

Tilskotet til utvikling av læremiddel er i 2018 på 55 millionar kroner. Kunnskapsdepartementet har valt å særskilt trekke fram nokre fag og trinn som vil bli prioritert i søknadsbehandlinga:

  • Samfunnsfag (1.-4. årstrinn)
  • Matematikk (1.-4. årstrinn)
  • Norsk (grunnskole og vidaregåande nivå, yrkesfag, studieførebuande og påbygging til generell studiekompetanse)
  • Kunst og handverk/Duodji (5.-7. årstrinn)
  • Musikk (8.- 10. årstrinn)

15 millionar til utstyr for programmering

Digitale ferdigheiter er ei grunnleggande ferdigheit i skolen, på same måte som skriving, lesing og rekning. Digitalisering av opplæringa er blant dei ti mest populære temaa kommunane satsar på når dei prioriterer kompetanseheving lokalt.

– Vi er glade for at mange skolar og lærarar prioriterer kompetanseheving i programmering slik at dei er førebudde på at koding blir ein del av skolekvardagen. Dessverre opplever nokre lærarar at dei ikkje får utnytta den nye kompetansen fordi utstyret ikkje er på plass. Difor gir vi no tilskot til dette, seier Sjøberg.

Regjeringa har løyvd 15 millionar til utstyr for programmering som lærarane kan bruke i klasserommet. Pengane er for fylkeskommunar, kommunar og private skoleeigarar som vil heve lærarane sin kompetanse i programmering. Utstyrspotten skal bidra til at lærarane får bruke programmeringskompetansen sin i mange ulike fag og på ulike trinn.

– Det er viktig at elevane så raskt som mogleg får glede av kompetansen lærarane tileignar seg gjennom etter- og vidareutdanning. For programmering krev det utstyr som ikkje alle skolar har på plass enno, seier Sjøberg.

Tilskotsordningane blir forvalta av Utdanningsdirektoratet. Kunngjering av tilskotet og søknadsskjema er tilgjengelige på nettstaden til Utdanningsdirektoratet.

Til toppen