Historisk arkiv

Satsar på langsiktig omstilling

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Nærings- og fiskeridepartementet

9,2 milliardar til forsking og innovasjon, nye "sløydsalar" for næringslivet og meir til havforsking er blant tiltaka som skal sikre og skape fleire arbeidsplassar.

- Norsk økonomi står ovanfor omfattande endringar. I alle budsjetta har regjeringa derfor prioritert omstilling. Forsking og innovasjon kan få fram nye idear og løysingar. Derfor held vi fram med satsinga til neste år, seier næringsminister Monica Mæland (H).

I 2018 vil regjeringa bruke over ni milliardar kroner på næringsretta forsking og innovasjon, inkludert berekna skattefrådrag frå Skattefunnordninga og Kapitalfunn. Det er ein auke på om lag 4,3 milliardar kroner frå 2013. Over ein milliard kroner er ei styrking av program og ordningar i Noregs Forskingsråd, Siva og Innovasjon Noreg.

Nye industrielle suksessar

Regjeringa foreslår i 2018 å løyve 100 millionar kroner til nye testsenter for næringslivet, såkalla katapultsenter. Her kan bedrifter og forskingsmiljø teste ut sine idear og løysingar.

- Betre høve for testing kan hjelpe fram nye industrielle suksessar og gi fleire bein å stå på for norsk økonomi, seier Mæland.

Sentera vil vere ein slags "sløydsal for næringslivet", og er eitt av fleire tiltak for at Noreg skal være ein leiande industri- og teknologinasjon.

- Den teknologiske utviklinga skjer i ein rasande fart. Vi foreslår derfor 30 millionar kroner til teknologiar som nanoteknologi, bioteknologi og IKT. Dei kan vise seg å bli så banebrytande at dei fører til store endringar i samfunnet, seier Mæland.

Vil realisere næringspotensialet i havet

Regjeringa vil styrkje Noreg sin profil som ei leiande havnasjon. Vi vil ha meir kunnskap om nye marine artar og Arktis.

- I åra som kjem skal Noreg utvikle ny havbasert industri. I budsjettet foreslår vi derfor å løyve  pengar til å auke den blå kunnskapen. Det skjer både ved å auke løyvinga til forsking, og ved å styrkje forskingsmiljøa. Vi har lagt fram ein havstrategi som skal bidra til å realisere næringspotensialet som ligg i havet, no følgjer vi opp, seier fiskeriminister Per Sandberg (FrP).

Regjeringa vil auke innsatsen innanfor havbruksforsking og nye marine artar med 14 millionar kroner. Regjeringa foreslår også å løyve 11 millionar kroner til eit forskingstokt i Antarktis, setje av 5 millionar til eit senter for hav og arktiske spørsmål i Tromsø, og løyve 10 millionar kroner til vidare utreding av samlokalisering av Havforskningsinstituttet og Fiskeridirektoratet i eit nybygg i Bergen.

Regjeringa foreslår også å auke løyvinga til Innovasjon Noreg med 10 millionar kroner for å styrkje Noreg sin profil som leiande havnasjon. Vidare foreslår vi ei løyving på 30 millionar kroner til marine og maritime pilot- og demonstrasjonsprosjekt gjennom Innovasjon Noreg.

Vil tryggje maritim kompetanse

Store deler av maritim næring opplever store utfordringar. Mange sjøfolk har mista jobben, skip ligg i opplag og mange selskap har tapt omsetning og lønnsemd. Regjeringa foreslår derfor å gi over 2 milliardar kroner i tilskot til sysselsetjing av sjøfolk i 2018. 

- Vi må sikre norsk maritim kompetanse, rekruttering av sjøfolk og at reiarlaga får konkurransedyktige vilkår, seier Mæland.

 

Fakta:

  • Skattefunn – Gjer skattefrådrag til bedrifter som driv med forsking og utvikling.
  • Kapitalfunn – Ei ny skatteinsentivordning for investeringar i oppstartsselskap. Ordninga gjer personlege skatteytarar frådrag for investeringar på opptil 500 000 kroner i kvalifiserte aksjeselskap.
  • Katapult – Bedrifter over heile landet kan teste ny teknologi og nye løysingar i desse sentera, som vil vere ein slags "sløydsal for næringslivet".  Dei skal kople forsking og marknad, og bidra til auka innovasjon og raskare industriell vekst.