Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Regjeringa vil fremme ein meir sirkulær økonomi

Regjeringa foreslår å løyve 100 millionar kroner til tiltak som skal fremme ein meir sirkulær økonomi og betre utnytting av ressursane.

- Vi skal bygge eit meir berekraftig samfunn der løysinga er grøn vekst og betre utnytting av ressursane. Tiltaka vi føreslår treff bredt frå forsking til forbrukarar. No skal vi bruke denne moglegheita til å lære, fornye oss og legge grunnlaget for grøn vekst som får utsleppa ned og som tar Noreg framover, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).

Regjeringa føreslår å gje 40 millionar kroner til forsking på sirkulær økonomi. Pengane skal auke kunnskapen om ressurseffektiv avfallshandtering, reduksjon av farleg avfall og sekundære råvarer utan miljøgifter. Teknologiutvikling og samarbeid med næringslivet vil vere sentralt.

Regjeringa aukar òg grunnbevillinga til miljøinstitutta med 30 millionar kroner, som følgje av bortfallet av oppdrag og inntekter frå næringslivet under koronavirusutbrotet.  Miljøinstitutta, saman med andre institutt, bidreg med forsking og innovasjon som er viktig for omstillinga til ein sirkulær økonomi.

Vidare føreslår regjeringa tilskot på 10 millionar kroner til Leverandørutviklingsprogrammet LUP til utvikling av sirkulære løysingar og prosjektleiing, 10 millionar kroner til Virke til kompetanseheving innan berekraft i detaljistleddet, og 8 millionar kroner til Eyde-klyngen til å kartleggje materialstraumar i prosessindustrien.

For å fremje utvikling av kriterier for miljøvenlege produkt og teneste, føreslår regjeringa å auke tilskotet til stiftelsen Miljømerking med 2 millionar kroner.

- Satsinga på sirkulær økonomi er heilt sentralt i eit felles europeiske løft for ei grøn omstilling. Her er norske forskingsmiljø og næringsliv aktive. Ein sirkulær økonomi vil bidra til å redusere klimagassutslepp, bevare naturmangfald og redusere bruk og spreiing av miljøgifter, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.

 

Til toppen