Forsida

Presseinvitasjon:

Sjukehustalen 2023

Sjukehustalen blir halden på St. Olavs hospital i Trondheim tysdag 17. januar klokka 11.00.

Nett-tv Sjukehustalen 2023

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol held si årlege sjukehustale på St. Olavs hospital i Trondheim tysdag 17. januar klokka 11.00. 

I den årlege sjukehustalen presenterer helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol forventingane sine til sjukehusa for 2023. 

Sjukehustalen blir halden i: KA12, store auditorium, 1. etg., Kunnskapssenteret, St. Olavs hospital. 

Intervju etter talen

Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol er tilgjengeleg for digitale og fysiske intervju etter talen. Journalistar som ønsker intervju, må melde seg innan måndag 16. januar klokka 15.00

Send mail til Elisabeth Johansen for påmelding. 

Strauming

Arrangementet blir filma av Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa (DSS), og du kan sjå sendinga direkte på regjeringa.no. Der kan du også laste ned videofila i etterkant.

DSS distribuerer som vanleg publiseringspunkt til medier som vil sende arrangementet direkte. Kontaktperson for dette kan du nå på telefon 22 24 88 45 eller dss-videoproduksjon@dss.dep.no

Presse som ønsker å bygge inn nett-tv-sendinga på nettstadene sine finn embed-kode ved å trykke på «Del video»-knappen i videospelaren på sida.