Skal diskutere falske klimanyheiter på EU-møte

Falske nyheiter og desinformasjon er tema når klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen møter europeiske kolleger i Warszawa tysdag 29. april.

– Falsk og misleiande informasjon er ein trugsel for heile samfunnet. Mange av desse kampanjane handlar om klima og miljø. Det kan føre til at vi ikkje får gjennomført viktige tiltak for å bremse klimaendringane og svekke tilliten til myndigheitene. Derfor er eg glad for at EU nå har dette høgt på dagsordenen, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

Tysdag deltek han på eit uformelt ministermøte i Warszawa. Polen har formannskapet i EU og er vertskap for møtet, som samlar miljøministrar frå EU og EØS.

Tal frå EU i desember 2024 viser at 13 prosent av desinformasjonen på nettet handla om klima. Utanlandske aktørar står bak mange av kampanjene, som spreier seg raskt gjennom sosiale medium. På møtet tysdag skal ministrene dele erfaringar og diskutere korleis vi kan kjempe mot desinformasjon og styrke befolkninga si motstandskraft.

– Sjølv om vi er godt rusta i Noreg, med ei høgt utdanna befolkning og mange redaktørstyrte medium, så lever vi i ei uroleg tid. Regjeringa jobbar nå med ein strategi for korleis vi kan jobbe systematisk og langsiktig mot desinformasjon, seier Bjelland Eriksen.

Lese meir om strategien:

Andre tema på møtet tysdag er korleis landa kan tilpasse seg til klimaendringane, og innovasjon og miljøteknologi i den grøne omstillinga.