Gjennom en kvotekjøpsavtale betaler Noreg for utsleppsreduksjonar. Inntektene gjer det mogleg for Indonesia å bygge prosjekt som elles ikkje ville blitt realisert.

– Indonesias utslepp veks raskt. Noregs samarbeid med Indonesia bidrar til at meir av landets straum kjem frå sol i staden for kol. Det viser korleis internasjonalt samarbeid kan bidra til både utsleppskutt og ei raskare omstilling til fornybar energi, seier klima- og miljøminister Sigrun Aasland.

Avtalen er signert av Global Green Growth Institute (GGGI) på vegner av Noreg og det statlege indonesiske kraftselskapet PLN. Gjennom kvoteprogrammet i Indonesia kan Noreg kjøpe opptil 12 millionar tonn utsleppsreduksjonar over 10 år.

Indonesia er verdas fjerde mest folkerike land, og straumbehovet veks raskt. Kol dekker over 70 prosent av straumproduksjonen, mens sol og vind står for under éin prosent. Landet planlegg å bygge ut mykje ny fornybar kraft det neste tiåret, og programmet Noreg og Indonesia no set i gong, skal auke produksjonen av fornybar kraft ytterlegere.

Avtalen er inngått under Parisavtalens artikkel 6, som opnar for at land kan samarbeide om å kutte utslepp. Noreg betaler berre for utsleppsreduksjonar som er gjennomførte, verifiserte og leverte, og kutta må kome i tillegg til det som elles ville skjedd. Avtalen bygger på samarbeidsavtalen Noreg og Indonesia signerte i 2025, som du kan lese meir om her.