Skal sette ned ekspertutval for nasjonal kontroll med digital infrastruktur

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Regjeringa har avgjort at det skal settast ned eit ekspertutval som skal vurdere korleis staten kan vareta nasjonal kontroll med kritisk digital kommunikasjonsinfrastruktur, som mobil- og breibandsnett. Utvalet skal vurdere korleis ulike verkemiddel, som regulering og statleg eigarskap, kan bidra til slik kontroll.

-Ekspertutvalet skal gi oversikt over eigarskapsstrukturar og verkemiddel for å vareta nasjonal kontroll med den digitale infrastrukturen, som ber stadig meir kritiske tenester for samfunnet, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

Medlemmane i ekspertutvalet vil bli oppnemnde tidleg i 2023, men mandatet er allereie klart.

Utvalet skal mellom anna vurdere korleis nasjonal kontroll kan varetakast for:

  • mobil- og breibandsnett
  • transportnett
  • undersjøiske fiberkablar 
  • datasenter
  • satellittkommunikasjonssystem
  • Anlegg som er viktig for heile krisespennet, mellom anna fjellanlegg.  

- Det er svært viktig at vi beheld nasjonal kontroll med ein så kritisk infrastruktur. Noreg er blant dei mest digitaliserte landa i verda, og alle sektorar er i aukande grad avhengige av digitale tenester, seier Gjelsvik.

Utvalet skal også vurdere om dagens verkemiddel, mellom anna regulering og eigarskap, er tilstrekkelege til å vareta nasjonal kontroll og forsvarleg sikkerheit. Ekspertutvalet skal også greie ut korleis eigarskap kan oppnåast og innrettast, og foreslå andre moglege verkemiddel. 

-Det er ein klar bodskap i Hurdalsplattforma at regjeringa skal vurdere i kva tilfelle staten bør ta eigarskap til mellom anna digital infrastruktur, for å sikre desse verdiane. Den skjerpa sikkerheitspolitiske situasjonen i Europa aktualiserer dette ytterlegare, seier Gjelsvik.