Skjerpar krava til utnytting av overskotsvarme og automatiske styringssystem i bygg
Pressemelding | Dato: 20.03.2026 | Energidepartementet
Regjeringa foreslår endringar i energilova som skal bidra til betre utnytting av overskotsvarme i industri og datasenter, og meir effektiv energibruk i bygg med høgt varme- eller kjølebehov.
– Overskotsvarme er ein stor og underutnytta energiressurs. Når me sørgjer for betre utnytting av overskotsvarme, reduserer me straumforbruket og skaper rom for annan aktivitet, seier energiminister Terje Aasland.
Overskotsvarme er eit restprodukt frå energikrevjande produksjon eller drift. Store energimengder i form av overskotsvarme går i dag tapt.
– Med lovendringane legg me til rette for at anlegg blir planlagt med energigjenvinning frå start der forholda ligg til rette for det, seier Aasland.
Krav om betre utnytting av overskotsvarme
I 2023 vart det fastsett krav i energilova om gjennomføring av kost-nytteanalyse av moglegheitene for å utnytte overskotsvarme for aktørar som byggjer eller oppgraderer anlegg med høgt energibehov. No skjerpar regjeringa krava ytterlegare og foreslår endringar i kapittel 7 i energilova for å sikre auka bruk av overskotsvarme frå industrien, datasenter og andre verksemder med høgt energibehov.
Endringane inneber at:
- Anlegg som hovudregel ikkje kan byggjast eller oppgraderast utan at overskotsvarmen blir utnytta, dersom dette er bedriftsøkonomisk lønnsamt.
- Innhaldet i kost-nytteanalysen blir utvida slik at han også skal vurdere moglegheita for å dekkje eige varmebehov med overskotsvarme – både frå eiga verksemd og nærliggjande anlegg og datasenter.
- Grensa for kva anlegg som blir omfatta av analyseplikta blir flytta frå lov til forskrift.
Krav om automatiske styringssystem i bygg
I tillegg foreslår regjeringa endringar i kapittel 8 i energilova. Forslaget inneber krav om at eigarar av bygningar med høgt varme- eller kjølebehov skal installere automatiske styringssystem for varme- og klimaanlegg, der dette teknisk og økonomisk lar seg gjennomføre.
Departementet legg til grunn at ei slik investering minimum må vere lønnsam, og det vil leggjast opp til at kravet berre skal gjelde for yrkesbygg. Lovforslaget legg til rette for gjennomføringa av bygningsenergidirektivet frå 2018.
Kravet om automatiske styringssystem vil leggje til rette for betre styring av energibruk og energieffektivisering i bygg. Dette er i tråd med regjeringa sitt arbeid med energieffektivisering i bygg som vart lagt fram i handlingsplanen for energieffektivisering i alle delar av norsk økonomi.
Nærare føresegner om innhald og avgrensingar av lovendringane vil fastsetjast i forskrift. Kravet om automatiske styringssystem vil ikkje gjelde før forskrifta er på plass. Forslag til forskrifter vil bli sendt på høyring på vanleg måte.