Det er dei to skredpunkta Dølsteinfonna og Fantebrauta i Romsdalen som no er sikra. Det er bygd ein tunnel og ein skredvoll langs vegen. Ved snøskred er lufttrykket frå skredet og snøføyken vel så farleg som skredmassane. Skredvollen på seks meter vil redusere lufttrykket frå skred. I tillegg er det montert lys som skal gje optisk leiing ved snøføyk. Dette vil gi både yrkessjåførar og folk flest som køyrer E136 gjennom Romsdalen ein betre kvardag.

Arbeidet med prosjektet har tatt to år og har kosta 215 millionar kroner. Statssekretær i Samferdselsdepartementet, Tommy Skjervold (FrP), opna strekninga onsdag.

Opning E136
Statssekretær Tommy Skjervold (FrP) opnar den nye strekninga saman med (f.v.) prosjektleiar Hallgeir Brudeseth, regionvegsjef Berit Brendskag Lied, ordførar i Rauma kommune Lars Olav Hustad og byggeleiar Tor Inge Unhjem. Foto: Linn Silseth/Statens vegvesen