Stortinget har vedteke regjeringa sitt forslag:
Skular må dele informasjon om elevar med valdshistorikk ved skulebyte
Pressemelding | Dato: 14.06.2026 | Kunnskapsdepartementet
Frå hausten må skular dele meir informasjon om elevar ved skulebyte. Det skal mellom anna gjere det lettare for den nye skulen å ta imot elevar med valdshistorikk, og ta vare på medelevar og tilsette.
– Dersom ein elev har vore valdeleg, eller det er pågåande konfliktar mellom ulike grupper, er det viktig at skulane deler informasjon med kvarandre når eleven byter skule. Dette blir ei plikt, slik at skular som har behov for informasjon faktisk får det, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap).
Ho er glad for at Stortinget no har vedteke lovforslaget frå regjeringa.
Fram til no har det vore få opplysningar som kan delast utan at eleven eller foreldra samtykker. Det fører til at nokre skular ikkje er godt nok førebudde til å ta imot nye elevar. Til dømes kan elevar som av openberre grunnar burde vore plasserte i ulike klassar, hamne i same klasse når dei byrjar i vidaregåande opplæring.
Vern av medelevar og tilsette
Med dei nye reglane skal den tidlegare skulen dele opplysningar om eleven med den nye skulen – dersom opplysningane er nødvendige for å førebygge åtferd som i vesentleg grad går ut over skulemiljøet til medelevane eller arbeidsmiljøet til dei tilsette. Dette gjeld både ved skulebyte undervegs i grunnskulen og ved overgang til vidaregåande opplæring.
– Lovendringa vil bidra til at skulane kan ta imot elevar på ein god måte, setje inn førebyggande tiltak, sørge for god klassesamansetjing og avgjere kva klassar som skal få ekstra ressursar, seier Nordtun.
For å hindre stigmatisering av elevar understrekar departementet at ikkje fleire tilsette enn nødvendig bør få kjennskap til elevane si historikk. Samstundes er det viktig at dei tilsette som har behov for å kjenne til forholda, får tilgang til opplysningane.
Auke i vald og forstyrringar
Dei siste åra har det vore ein bekymringsfull auke i alvorleg barne- og ungdomskriminalitet, særleg blant dei under 15 år. Delen tilsette i skulen som oppgir at dei har vore utsette for vald eller truslar, har også auka dei siste ti åra. I tillegg peikar lærarar på forstyrringar i undervisninga som eit aukande problem.
Lovendringa er ein del av fleire endringar i regelverket dei siste åra for å gi læraren større handlingsrom til å vere leiar i klasserommet i norsk skule.
I mars sende kunnskapsministeren også eit anna lovforslag på høyring: Ho vil gi skular høve til å ta elevar som øydelegg for fellesskapet ut av klassen for ein periode, og gi opplæring ein annan stad – utan samtykke frå elev eller foreldre.
– Vi må ha lover og reglar som vernar retten til undervisning for fellesskapet i klasserommet. Skulen skal vere ein stad der elevar og tilsette er trygge, trivst og lærer, seier Nordtun.
- Kunnskapsdepartementet sende i mars ei lovproposisjon til Stortinget med forslag om å utvide høvet til å dele personopplysningar om elevar ved skulebyte i opplæringslova og privatskulelova.
- Stortinget har no vedteke at skulen ved skulebyte skal dele personopplysningar som er nødvendige for å førebygge åtferd som i vesentleg grad går ut over skulemiljøet til medelevane eller arbeidsmiljøet til dei tilsette.
- Regjeringa har tidlegare endra opplæringslova slik at tilsette i skulen og i SFO kan gripe inn fysisk mot elevar for å avverje skade på personar eller eigedom. Tilsette kan også gripe inn for å avverje psykiske krenkingar og vesentlege forstyrringar av opplæringa.
- Lærarar skal vere trygge på å få si side av saka høyrd dersom dei blir skulda for å ha gått over streken. I saker der ein lærar blir påstått å ha krenkt ein elev, skal ikkje rektor melde frå til skuleeigar dersom påstanden openbert er grunnlaus. I tillegg har regjeringa tydeleggjort i forarbeida til opplæringslova kva som blir rekna som ei krenking.
- Politi, barnevern, helsevesen og andre må kunne samarbeide tettare, med meir open informasjonsdeling, for å førebygge ungdomskriminalitet og annan kriminalitet.
- Ei ekspertgruppe skal vurdere konkrete modellar for samarbeid og foreslå regelendringar som utvidar høvet til å dele teiepliktige opplysningar og behandle personopplysningar.
- Det er etablert tilskotsordningar for skulemiljøteam og beredskapsteam – til saman er det løyvd 125 millionar kroner til dette i 2026. Skulemiljøteama rettar seg mot grunnskulen, medan beredskapsteama også kan arbeide på tvers av skuleslaga.