Historisk arkiv

Smidigare reglar ved samanslåing av kommunar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Kommunereforma er bakgrunnen for at regjeringa i dag foreslår fleire mindre endringar i inndelingslova og kommunelova. – Forslaga legg til rette for gode prosessar for kommunesamanslåing, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet presenterte i dag framlegg til endringar i inndelingslova og kommunelova.

Mellom anna blir det foreslått å gjere det mogleg å justere grensene mot andre kommunar i samband med ei kommunesamanslåing. Lovframlegget omtaler også korleis kommunestyret kan bli sett saman etter ei samanslåing.

- Det nye lovframlegget avklarar spørsmål som dagens lov ikkje gjev tydelege svar på. Framlegga har i hovudsak fått brei støtte då dei var på høyring, seier Sanner.

Eit spørsmål har vore kva som skjer, dersom ein av kommunane i ei samanslåing har ROBEK-status, altså er i økonomisk ubalanse. Her blir det foreslått ein ny regel om at ein ny kommune ikkje automatisk skal registrerast i ROBEK sjølv om ein av kommunane var i ROBEK før samanslåinga. Fylkesmannen får i staden ei tidsavgrensa fullmakt til å melde kommunen inn i ROBEK dersom det framleis er behov for å kontrollere økonomien i den nye kommunen. 

Les meir om endringane

 

Kommunal- og moderniseringsdepartementets pressetelefon: 22 24 25 00